|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
14.10.10 Hausten så langt og planar framover
Kvelden føre sesongens første verkelege test, Lambertseter Open, er det på tide å oppdatere med kva som har skjedd så langt, og kva som skjer framover.
For å starte med det siste først, så er det altså Lambertseter Open i helga. Megastevnet hjå Oslo sin beste symjeklubb samlar tradisjon tru ein del symjarar på høgt nivå, men også veldig MANGE symjarar på ymse nivå. Innsymjing og utsymjing plar vere eit kapittel for seg sjølv på Lambertseter bad, men konkurransen gjer at det alltid er moro å symje fort der.
Formtoppen for hausten kjem dog ikkje enno, sjølv om den kjem tidlegare enn vanleg. Kvalifiseringsfreisten til EM og VM kortbane er 1.november, og som mitt uttalte mål sidan lenge er det dette eg går for. Det betyr at eg legg opp formtoppen til Svenska Simspelen som går av stabelen i Väsby utanfor Stockholm siste helga i oktober, altså om to veker. Kva som skjer vidare er sjøvlsagt avhengig av om eg klarar kravet eller ei, men Nordsjøstevnet i midten av november er pensla inn i tillegg til at eg planlegg deltaking i Eindhoven (EM) i slutten av november, og ein tur til Dubai (VM) i midten av Desember.
Så langt i haust har eg delteke på to stemner. Først var eg med på Hestholmmedleyen i gode gamle Sentralbadet. Kva tida faktisk blei er uviss, med det gamle tidtakaranlegget som er der, men offisielt vart det registrert 52.17 på 100 fri.
Helga etterpå var eg i Førde på Sunnfjord Open og innvigning av det flett nye tidtakaranlegget Førde IL symjing har gått til anskaffing av. Eg var invitert opp for anledninga. Veldig kjekt å få konkurrere i heimfylket. Der var det i alle fall ikkje noko i vegen med tidtakaranlegget. Denne gongen symde eg litt fleire øvingar. 100 fri på 51.61 var kanskje det beste resultatet, 50 fly på 26.4 ikkje noko å skryte av, medan eg var veldig skuffa over 23.52 på 50 fri.
 Sjekkar resultatet på den nye resultattavla i Førde (foto: Sissel V. Laache)
Den formen eg hadde vore i på trening skulle tilsei at eg symde raskare på 50, men det blei mykje rot på den 50-meteren. Generelt har treninga vore veldig bra. Andelen dårlige økter har vore begrensa til eit minimum og andelen bra økter har vore veldig mange, sågar på morgonen. Eg har symt fort, eg har jobba bra teknisk, og også trent hardare økter. Meterantalet er gått ned, kvaliteten er gått opp. Så får vi sjå om eg får betalt for det når det verkeleg byrjar å gjelde.
Første test er i helga, men det er ingentin som står og fell med Lambertseter Open. Vonaleg kan eg symje fortare der enn eg har gjort til no i sesongen, men det er først etter dette stevnet at formtoppinga verkeleg byrjar. Eg er framleis i relativt tung trening, men det kan bli spanande å sjå kvar eg står, to veker før det smeller.
Vidare skriv eg på masteroppgåva mi, og jobbar hardt. Eg har eit mål om å bli ferdig til 1.desember, og det krevjer ein del av mi tid. Eg skal forsøke å gjere minst mogleg i toppingsveker for å vere best mogleg førebudd, men tykkjer det er på tide å bli ferdig no. Det krev ein del for å kombinere, men det er har gått greit til no denne hausten, og eg tykkjer det er kjekt når eg er i siget på masteroppgåva også. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|