14.09.11 Nedtur det har tatt tid å fordøye
Dei fleste har fått med seg at resultata eg hadde i sommar ikkje var tilfredstillande. Det har tatt tid å reflektere over og å kome seg vidare.
Sidan det er to månadar sidan siste gong eg symde konkurranse, skal eg ikkje gå så nøye til verks som eg vanlegvis gjer. Eg har analysert og vurdert for meg sjølv og i samråd med andre. Den grove konklusjonen er at eg treng meir tid til å bli van med treningsmetodar, og at eg treng meir restitusjon i toppingsfasen. Tida eg gjev meg sjølv er fram til november i år, då målet er å kvalifisere meg til EM kortbane. Meir informasjon om korleis eg håpar å gjere dette kjem innan kort tid. (Forhåpentlig).
Eg kan ta dei to konkurransane eg hadde i slutten av juni/juli kronologisk. Dei var dei første verkelege toppingsstemna sidan eg flytta til Australia, og etter den positive testen berre veker i forkant hadde eg håp om å levere gode resultat - i alle fall ikkje langt unna vanlig nivå. Det skulle vise seg at håpet snart blei knust.
Nedtur 1 Først var det australsk kortbanemeisterskap. Beste løp var nok førsteetappa på 4x100 fri-laget kor eg leverte ein prestasjon på 50.40, etter eit relativt godt disponert løp. Laget blei nummer sju. Individuelt svømte eg 100-meteren på 50.72. For å sette det inn i perspektiv er dette sekundet saktare enn eg presterte i fjor haust.
Størst nedtur var heilt klart 50 fri. Etter 22.95 fire veker i forkant av meisterskapet må eg sei at eg trudde eg var på sporet av noko. Det var eg då også. Første 25 passerar som nummer 10 av alle på stemnet, men av ein eller annan grunn dett eg saman symjeemessig siste 25 og leverar ei slutt-tid over 23 sekund. 23.08 er sjokkerande dårlig. Over halvsekundet dårligare enn i fjor haust, og første gong sidan 2006 eg er over 23 på eit toppingsstemne.
Nedtur 2 Etter australsk kortbanemeisterskap sette eg meg på flyet heim til Norge for det norske langbanemeisterskapet. Optimisimen var erstatta med tvil og usikkerheit. Det hjalp meg antagelig ikkje at eg var negativ i hovudet i tillegg til fysisk å merke jet-lag.
Det byrja med å symje ei etappe på 4x200-laget, noko eg gjorde tilfredstillande etter mine begrep med 1.57 - eit sekund fortare enn fjoråret. Eg er ikkje dårlig trent, men eg klarar ikkje levere på øvingane eg trenar for. Meisterskapen endar med to bronsemedaljar på stafett, i tillegg til 6. og 8.plass på hhv 50 og 100 fri. Ikkje det eg er van med, eller det eg trenar for. 23.92 og 53.00 er årsbeste, utan at det fortel så mykje. I fjor hadde eg 23.67 og 52.28 på øvingane, og regna det som eit dårlig år.. Kva er då dette?

Livet går vidare.. .. og treninga er i gong. Det er ikkje slik at det er fullstendig håplaust. Noko av skulda for plasseringane må auka nivå på konkurransen ta - men det endrar ikkje det faktum at eg har symt mykje raskare før, uansett utstyr. Eg trenar ikkje for å symje saktare. Heilt mørkt er det ikkje. Eg held det løpet på 50 fri på under 23 sekund som eit teikn på at det er håp og at eg gjer noko rett. 100 fri på 50.4 er også heilt på det jevne.
Informasjon om haustens konkurranseplanar kjem snart.. Om eg får det som eg vil blir det utrulig artig! |