Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

13.11.08
Nordsjøstevnet: Endeleg Europameisterskap

Det har tatt nokre dagar å summe seg. Eit stort mål for min del er oppnådd. Eg har kvalifisert meg til eit internasjonalt meisterskap og får no endeleg moglegheiten til å representere Noreg i Europameisterskapen i symjing, som går av stabelen i Rijeka, Kroatia, komande månad. Det  var under Nordsjøstevnet i Stavanger, siste moglegheit til kvalifisering, at eg klarte å snike meg under kravet.

Heile hausten har eg sett på det som særs realistisk at  eg skulle kome meg til EM. Det er i år enklare krav enn det var førre året, og kravet på 100 fri var faktisk dårligare enn min personlige rekord. Difor var det eit naturleg mål for meg å kome meg til Europameisterskapen i haust. Ting har rett nok ikkje gått på skinner, og det har ikkje  vore min beste treningsperioden, men det er ofte i tøffe periodar at ein lærar mest og tar dei tøffe vala som gjev ein mest. Ein kan sei at vi traff med noko i alle fall.

Eg har dei seinare åra vore best på 100 fri, kanskje til og med ei dragning mot 200 framfor 50. Dette har gradvis endra seg, og 2008 står klart i 50-meteren sitt teikn. eg er byrja å bli ein sprinter-sprinter. Det har sjølvsagt med  muskelvekst, kraftauke og tekniske aspekt å gjere, i tillegg til at eg er glad i at ting går fort.

Og fort gjekk det...
.... allereie i fredagens løp på Nordsjø. 50 fri. Ein god start til meg å vere, meget god symjing inn til veggen og dei første meterane etter vending. Ei god kjensle breidde seg i kroppen når eg pusta etter ca. 36,8 meter og såg at eg låg fint an i feltet, foran dei to dyktige nederlenderane som symde i banene ved sidan av. Eg mista litt  av fokuset på symjinga, og avslutninga var nok ikkje av beste Sander-merke men dog eit godt løp, og eg visste det når eg snudde meg for å sjå på resultattavla.

22.35 hadde eg likevel ikkje forventa meg. Personleg rekord med 40 hundredelar, under kvalifikasjonskravet med 12 hundredelar - i første løpet. Ein enorm gledje spreidde seg i meg, samt at dei siste 18 månaders frustrasjonar etter DEN helga i Asker gav slipp. At eg var eitt hundredel overden norske rekorden betydde ingenting. Eg hadde gjort eit kanonløp og helga fekk ein pangstart.

100 fri
Laurdag er ein dag i 100friens teikn. Eg visste sjølvsagt at eg hadde farten i kroppen, men eg var usikker på treningsgrunnlaget etter den trøblete treningsperioden eg har hatt. Har eg fått gjort nok anaerob trening til å halde ein 100 meter på ein tilfredsstillande måte?

Forsøksløpet gav meg ingen direkte svar, men var likevel ei positiv oppleving. Eg bygde opp løpet, slik som planen var, og gjekk ikkje i kjellaren. 50.20 uten å verkeleg vere særskild sliten var akseptabelt, og eg såg for meg ei god oppleving på kvelden. På sett og vis blei det  jo også det. 49.60 er mi nest beste tid på distansen nokonsinne, og er også det under kval-kravet til EM. Ein litt for masete utgong med for høg frekvens og for mykje krefter vekk i ingenting førte til at det blei tungt å kome seg fort nok tilbake igjen. Likevel klart akseptabelt, og bør være mogleg å rette på fram mot Rijeka.

Knytt på stafett
Laurdag var også 4x50 fri, ein stafett vi skulle og burde vinne - i alle fall  så lenge det Sveitsiske laget ikkje fekk lov å stille då dei var eit nasjonslag. Eg fekk førsteetappen, og snakket om norsk rekord gjekk nok kanskje inn på meg. Det kverna jo i hovudet mitt også, sjølv om eg var supernøgd med tida mi frå dagen i forvegen.

Forsøket om morgonen handla berre om å ikkje tjuvstarte, og å kome oss greit i havn. 22.78 var ei ikkje alt for god tid, men trass alt berre tre hundredelar over min gamle personlige rekord. Eg hadde uansett ambisjonar om å senke den på kvelden. Det gjorde eg då også, men 22.61 var ikkje det drømmeløpet eg hadde ønska. Klart dårligare stup og vending var nok hovudårsaken til at det ikke gjekk like fort som dagen i forvegen.

Søndag morgon
Siste dag, jobben var gjort, eg var nøgd og no var det berre kirsebæret som skulle puttast på toppen av kremen. 200 fri var eg lenge usikker på å symje, og i etterpåklokskapens ljos burde eg nok ha stått over.

Eg var utlada, og var ikkje sikker  på min eigen form på denne distansen av samme grunn som 100-meteren. Eg ville likevel gjere eit forsøk om morgonen, for  å sjå om eg kunne kome ned mot personleg rekord. Det skjøna eg etter 100 meter at det ikkje kom til å gå, det gjekk for sakte og det gjekk for tungt. Ikkje det at det var noko katastrofesymjing, men så fort eg skjøna at dette ikkje gjekk mot personleg rekord gav eg opp og avslutta  på ein særs bedageleg måte. Om eg symde 1.51 eller 1.53 betyr liksom ingenting når personleg rekord er 1.49.

Tankane var allereie undervegs i løpet byrja å vandre mot 50 fri Superfinalen som fann stad på ettermiddagsøkta. Den måtte eg i alle fall vere klar til. 4x50 medley stafett sisteetappe blei avslutta som gjennomsvømming der vi berre sikra oss plass i finalen. Også der var det finalen som gjaldt.

Søndag kveld
50 fri første øvelse. Full tenning, fullt fokus, full konsentrasjon - men kontrollert. Eg har vore overtent så mange gongar før. Nok ein gong god start, og fin symjing inn mot vendinga. Løpet er eigentleg veldig likt som løpet fredag, og nok ein gong merkar eg at eg er litt ukonsentrert på slutten, men bevares: 22.38. Nok  eit løp under 22.40, og stabilisering på eit heilt nytt nivå. Strålande.

Finalen på 4x50 medley er køyrd når det kjem til mi etappe. Eg har ingen moglegheit til å hente inn laget føre oss. Det er då likevel ikkje noko hinder for å symje fort. Eg kliner til, og trass i at eg blir liggande veldig i bølger så får eg bra tak på vatnet og fin kraft i symjinga. 21.74 med flying start er det raskaste eg har gjort nokosinne, noko eg må vere nøgd med.

Konklusjon
Hausten 2008 har nådd sitt første mål, og arbeidet mot å symje fort i Kroatia er allereie byrja fullt ut. Det er trass alt derfor eg reiser: for å symje fort. Å vere på eit Europameisterskap kan umogleg vere kjekt dersom ein ikkje presterar. Eg presterte i helga som var, formen er til stades. Det nyttar ikkje å kvile på laurbæra no, for det er no det verkeleg byrjar å bli artig.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.