|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
14.06.09 Swimshop Cup: blanda drops
Ubarbert og med kun ei veke med rolig trening i kroppen blei stevnet ei blanda oppleving der eg varierte mellom bra og frykteleg dårlig. Fasit blei likevel to persar og ei positiv oppleving.
Stevnet byrja på verst tenkelege måte for meg på fredagen. 100 fri på over 53 sekunder er det lenge sida eg har symd, men med 53.01 i første løpet verka det uendeleg langt opp til eit VM-krav på 50.30. 24.88 er eigentleg ikkje ei for hard opning, men eg hadde ingen krefter og stivna til tilbake i løpet og 28.13 siste 50 er tilnærma 200-meter splitt.
Tankane byrja svive om noko var gale, men dagen etterpå fekk eg formbekreftinga eg var ute etter med 23.24 og ny personleg rekord på 50 fri. God start er alfa omega, og det får eg denne gongen.
Finalesekvensen i Swimshop Cup er dårlig lagt opp med 50 og 100 på same dag. 50 var først, 23.44 etter eit litt meir masete løp enn om morgonen. Høgare frekvens, dårlegare tak på vatnet. 100 blei derimot langt betre enn dagen i førevegen, etter ei litt meir kontrollert opning på 25.22, og ein tilbakegong på 26.85. 52.07 i slutt-tid, min tredje beste hundremeter på langbane nokon gong.
Siste dagen byrja eg med å misbruke 400 fri. Symje 50 max, og deretter sjå det litt an. Om eg symde personleg rekord ville eg måtte fullføre distansen for å få tida registrert som pers på 400. Grunnen til at eg gjorde dette var at det ikkje var nokon av mine distansar den dagen, ettersom både 50 og 100 finalen var same dag. Personleg rekord blei det ikkje. 23.44 for andre gong denne helga, og eg braut løpet.
Til siste fekk eg også med meg ein fin rekord på 50 butterfly med 25.82, personleg rekord med 0,3 sekund. I finalesekvensen symde eg betre, men bomma fullstendig på innslaget, tapte mest sannsynlig 3-4 tidelar på det, og enda på 25.94. To gode fly-løp, og kanskje blir det 50 fly på NM?
Alt i alt eit OK stevne, som bar bod om noko fram mot Barcelona ei veke seinare. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|