Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

14.06.09 Eurotrip 09: Ikkje nøgd

Tre stevner på ti dagar i Oslo, Barcelona (ESP) og Canet (FRA) er gjennomført med varierande resultat. Pers på 50 fri var det store høgdepunktet i ein sekvens med stevner som ikkje blei som eg hadde draumar om.

Eg sette meg store mål for langbanesymjinga mi denne våren, etterfulgt av min gode kortbanesesong i haust. Les om dette på NRK sport og NRK Sogn og Fjordane . Her og her. VM-plass var målet. Ut frå kortbanepers burde eg kunne vere i nærleiken med ei normal relativitet mellom kort og langbane. Det er likevel tydeleg at eg ikkje meistrar langbane godt nok enno, sjølv om små glimt av forbetring har syntes. Eg var i realiteten sjanselaus på krava, når eg no gjorde eit forsøk.

Første forsøk var Swimshop Cup i Oslo 29-31. mai.

Ubarbert og med kun ei veke med rolig trening i kroppen blei stevnet ei blanda oppleving der eg varierte mellom bra og frykteleg dårlig. Fasit blei likevel to persar, ein av dei 50 fri, og ei positiv oppleving. Les rapport frå stevnet her

Dette gav ei god kjensle og ein tryggleik på at formen var tilstades, om eg  berre fekk kvile meg nok ut, når vi tok av garde til Calella (ESP) utanføre Barcelona for dei siste dagane med førebuing innføre det første stevnet i Mare Nostrum-serien i den spanske storbyen. (http://www.marenostrumswim.com)

På treningsleiren fungerte det meste bra, og ting verka til å kome på plass. Eg kjende meg sterk, testtidene på trening var gode, og humøret var stigande. Eg gleidde meg verkeleg til å sette i gong.

Andre, og første reelle forsøk, blei dermed Trofeo International de Natacio, i Sant Andreu i Barcelona. (6-7. juni) Kroppshåra var fjerna, kroppen var utkvilt og no skulle det verkeleg klinkast til. 51.76 og 23.39 blei fasiten frå det stevnet (0,48 og 0,15 over personleg rekord.) Ikkje katastrofe, men langt unna krava og ei heller pers. Les rapport frå stevnet her

Ein busstur over grensa og til Canet en Roussilon i Frankrike følgde, og eit par rolege dagar der, innan eg skulle i elden igjen.

Arena Meeting International de Natation (9-11.juni) var bakteppet for siste forsøk. På dette tidspunktet var eg nøgd med personlege rekordar. Det blei det ikkje i Canet heller, etter ein katastrofe 50 fri og ein 100 fri eit hundredel under tida frå Barcelona. Les rapport frå stevnet her

Totalt sett ei skuffande oppleving, med 14 hundredelar personleg rekord på 50 fri som det store høgdepunktet. Trass alt har eg forbetra meg 0,3 sekund på 50, og 0,9 sekund på 100 sidan NM langbane førre året, og stabilisert meg under 23,5 og 52.0. Likevel ikkje det eg traktar etter, og ser ein internasjonalt ligg nivået mykje høgare.

At det ikkje blei nokon VM-plass er ikkje noko krise, at eg ikkje hadde noko markert framgong er langt meir bekymringsverdig. Det går litt i rykk og napp, og stega blir ikkje så store som eg ynskjer.

Forhåpentleg kan eg finne fram sjumilsstøvlane til NM i sommar. Fire veker med trening til.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.