Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

14.06.09 Mare Nostrum II: Nedturen fortsetter

Arena Meeting International de Natation (9-11.juni) var bakteppet for siste forsøk. På dette tidspunktet var eg nøgd med personlege rekordar. Det blei det ikkje i Canet heller, etter ein katastrofe 50 fri og ein 100 fri eit hundredel under tida frå Barcelona.

Stevnet i Frankrike var motsett av stevnet i Barcelona med 50 fri første dagen, og 100 fri andre dagen. 50 fri blei ei merkeleg affære. Eg var særs innstilt på å få til å halde frekvensen lav, men mista totalt fokus etter ein del kluss i starten.

I Canet merka ein tidleg at dei heldt starten lenge. Mine startar verka dei til å halde ein  evighet. Først går vi opp på pallen, take your marks blir ropt, og vi står i startposisjon, og står, og står, og står, inntil karen i bane 5 fell ut i vatnet. Vi blir ropt ned frå pallen, eg går ned eit trinn, og i det eg skal gå ned på bakken, mistar eg fotfeste på det glatte underlaget, og held på å falle. Eg reddar meg inn, men pulsen går i 100. Vi går opp att på pallen, take your marks blir ropt, og vi står i startposisjon, og står, og står, og står. Eg byrjar tenke at no må vi reise opp att, og akkurat då går starten. Eg står heilt i mi eiga verd, er treig i reaksjonen, bommar på igongen og byrjar stresse og gjere det motsette av det eg skulle.

Ei slutt-tid på 23.64 var ikkje akkurat i nærleiken av det eg hadde drøymd om, og eg var skuffa. Det er ikkje noko unnskyldning at eg mista fokus på grunn av det som hende, det skal ikkje skje. Men det hendte, og slik er det.

Dagen derpå var siste løpet. Endeleg klarte eg å kontrollere frekvensen til ein viss grad, og var vesentleg lavare enn i Barcelona. Eg har meir kraft i taket, og trass i fire frekvensslag lavare går eg ut eit tidel raskare enn i Barcelona. 24.52. Det blei likevel tungt tilbake, antakeleg på grunn av den auka krafta i taket og at eg ligg og ventar på at syra skal kome, mentalt. 27.23 siste 50, og 51.75 sluttresultat.

Det blei ikkje heilt det eg håpa på i Canet heller.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.