Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

13.05.08
Akseptabelt BSF

Betre enn i fjor, både for meg personleg og stevnearrangementsmessig. Eit av dei absolutt artigaste stevna i året, og eit stevne som for meg medførte personlege rekordr på to distansar, om enn ikkje dei distansane eg satsar mest på.

50 fri på 23.03 (0.28 sekund over personlig rekord), 100 fri på 50.71 (1.45 sekund over personlig rekord, men berre 0,85 over tida frå NM nyleg) var hovudløpsresultata denne helga. Akseptabelt på noverande tidspunkt, særskild tatt i betraktning den vanskelege perioden eg har hatt i det siste. 100 fri var også på søndag, ein dag eg var halvt isvimeslagen i byrjinga på grunn av ein knallhard laurdag.

Laurdag var nemlig ein hard dag, med totalt 6 finaleløp, i form av tre  rundar med 50 fri, ein finale på 100 medley og to rundar med 50 fly. Tidene i ei slik økt blir ikkje dei beste, og er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste i utslagingsfinalane er å ta seg vidare, og det gjorde eg på 50 fri, heilt til eg stod att med Stefan Nystrand og Petter Stymne, verdsmeistrar ved sidan av meg. Ein tredjeplass var maksimalt av det eg kunne oppnå, og eg var relativt nøgd med å få siste tida på 23.72, under eit sekund frå pers.

50 butterfly og 100 IM var dei personlege rekordane mine for helga. På 50 butterfly var det ei pussing av rekorden (frå NM 2007) med tre hundredelar, og på 100 IM var det ei senking med 0, 7 sekunder til den bitre tida 1.00.00. Ironisk nok var det ein elendig crawl som øydela min medley, etter å ha svømte forholdsvis fort på fly, rygg og bryst(!). Eit betre løp gjorde eg i finalen der 1.00.24 etter 3 rundar med 50 fri og ein god del mjølkesyre i kroppen nesten kopierte tida frå morgonen.

Søndag var det 100 fri, 50 rygg og den noko utradisjonelle øvinga 25 fri som stod på programmet. 100 fri har eg allereie nemnd, 50 rygg var skuffande og 25 fri blei den øvinga eg vann under stevnet. Også på 25 fri var det utslagingsfinalar, og eg vann etter følgande serie: 10.75 - 11.10 - 11.05 - 11.00 - 10.89 - 10.85 (10.86 i forsøket). Heilt greit. Eg kan nok symje fortare med full klaff, men det viktigaste i utslaging og på ei uekte øving er vel å vinne, kanskje? 

Arrengementet på Bergen Swim Festival er det beste i Noreg. Det er synd og skam at ikkje fleire norske klubbar stiller opp. Dette blei i avisene kalla "svømmingens svar på Bislett Games", og la oss håpe at det forblir slik.

Uansett eit godkjent stevne for meg, som forhåpentleg frå den gløden og gnisten tilbake i treninga som må vere der framover om langbanesesongen skal bli bra.

Les BT sin sak om meg her: Kjempet mot verdens raskeste

Eg vil påpeike at eg aldri har uttalt at eg ikkje var van med ikkje å vinne. Det eg sa var at eg ikkje var van med å bli frasvømt på måten eg blei det no i helga.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.