|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
13.03.08 Påskeleir
Tradisjon tru tilbringast påska for symjarar ein eller annan stad på treningsleir. I år går turen til eksotiske Hjørring på Nordjylland i Danmark etter at dei to siste påskene har blitt tilbringe i henholdsvis Ostrowiec (Polen) og på Syros (Hellas).
Ingen skigåing eller fjellturar i påskene for oss altså, men for min del tykkjer eg det er like greit. I alle fall om eg skal bli ein betre symjar, som jo trass alt er målet. Årets påskeleir kjem før NM kortbane, noko som er uvanleg i og med at NM kortbane plar gå første helga i mars, og ikkje i midten av april som i år. Det betyr at dette årets leir blir ein meir kvalitetsprega leir enn vanlegvis. Meir trykk og anaerob trening, i staden for aerob trening med mange meter.
Eg håpar sjølvsagt på at leiren skal vere ein kick-start på den anaerobe perioden i treninga, perioden der vi bygger evna til å produsere melkesyre, og kanskje ikkje minst evna til å tåle melkesyra vi produserer og dermed står distansen lengre. Ein ekstremt viktig fase for sprintarar som meg. Kvalitetstrening i høg hastighet der vi simulerar konkurransehastigheit.
For oss i bakvendtlandet Noreg der 50-metersbasseng er mangelvare vil dei fleste norske klubbar reise til ein stad med moglegheit for å trene på langbane i påska. I år er det nok litt annleis, i og med at NM kortbane kjem etterpå, og nokre vel nok difor å ligge på kortbane også denne leiren. Bergensvømmerne skal ligge på langbane i Hjørring, og for min del vil dette vere nok ein måte å bygge på evna mi til å svømme på langbane. Ei evne som ser ut til å vere i utvikling (ref. GP-stevne), og eg håpar å stadig forbetre, samstundes som eg får påbyrja hardtreningsperioden innfor NM kortbane.
Leiren i år vil også ha tre av moderklubbane i BS med, Delfana, Åstveit og BS-LK. Desse vil ha med sine NM-symjarar, men også yngre symjarar som satsar på årsklassemønstringa i Bergen som startar berre fire dagar etter at vi kjem igjen. Alt i alt blir vi om lag 60 symjarar som tar turen nedover. Ein stor gjeng med andre ord, stort varierande i alder.
Rapport frå leiren kjem sjølvsagt på desse sidene. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|