|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
12.06.08 Rapport Stockholm + Roma
Mandag kom eg heim frå min europatur, innebærande treningsopphald i Stockholm samt deltaking på Trofeo Sette Colli i Roma. Treningsopphaldet var gjevande, medan stevnet var særs blanda drops.
Ei veke med Olympiarar Treningsopphaldet i Stockholm var for å sjå korleis Nordens to beste fristilsprintarar trenar til dagleg. Dette kan nyttast i forhold til å identifisere områder der eg har forbetringspotensiale samt å gi nye impulsar og kanskje nokre nye tankar i forhold til treninga.
Det første som slår meg er at det er ingen mirakelformel. Det var ikkje noko veldig revolusjonerande, og inga AHA-oppleving i forhold til at eg tenkte at dette var grunnen til at dei sym så fort.
Kontinuerlig arbeid, og kanskje viktigast: BEVISSTHEIT rundt arbeidet tilskriv eg som hovudgrunnen til deira framgongar. Ingenting er tilfeldig i det dei gjer, og alt dei gjer har dei stort fokus på, noko eg kanskje ikkje alltid er like flink til. Noko overraskande er det likevel ikkje, men det er det å klare å utføre det som er kunsten.
Eg fekk også bekrefta at eg i alle fall trenar NOK, i den forstand at eg trenar ein god del meir enn desse, både i vatn og på land. Det som likevel er viktig å poengtere er at desse har ein heilt annan treningsbakgrunn enn meg, og eg trur eg skal garantere at dei symde meir enn tre-fem gongar per veke fram til dei var 18 år. Desse karane har lagt eit stort grunnlag, og dermed kan dei nok trene litt mindre enn eg gjer no.
Nokre øvingar, og kanskje særskilt, nokre måtar å tenke på vil eg ta med meg tilbake i mi trening. Først og fremst frå hausten av. Denne sesongen har eg lært mykje om meg sjølv, og den nye tilstanden kroppen min har samanlikna med den tidlegare, meir spedbygde meg. Neste sesong ska alt setjast i system.
Ei anna interessant observasjon er at verdsmeistrar også er menneske! I Stefan, Petter og alle dei andre i SK Neptun samt andre på det svenske landslaget sin skikkelse til og med hyggelege menneske, som det er lett å kome inn på, og lett å prate med. Dei svarar alltid på spørsmål du måtte ha, sjølv om ei nordfjord-dialekt av og til kan vere vanskeleg å forstå. Dog var eg ikkje like vanskeleg å forstå som Alexander Dale Oen, hevda dei.
Eit stevne med kvalitet Startfelt på 50 og 100 fri under Trofeo Sette Colli, i alfabetisk rekkefølge: Bernard, Alain (FRA) - Verdsrekord 100 fri langbane, nummer tre all time 50 fri Magnini, Filippo (ITA)- Verdsmeister 100 fri langbane, nummer 5 all time langbane Nystrand, Stefan (SWE) - Verdsrekord 100 fri kortbane, nummer 4 all time langbane Sullivan, Eamon (AUS) - Verdsrekord 50 fri langbane, nummer to all time 100 fri.
Ikkje akkurat smågutar. Slenger vi på Bart Kizierowski, frå Polen, samt Petter Stymne, Sverige, samt fleire kvalitetssprintarar frå verda rundt, så har vi eit stevne der eg ikkje var forventa å kjempe i fremste rekke.
Stevnet starta, for min del, med 50 fri fredag. Eit ganske ideelt tenningsnivå, der eg var rolig heilt fram til eg kom bak pallen og då gjekk pulsen opp. Dette er betre enn det eg av og til har ein tendens til å gjere: gå og spenne meg i mange timar før eit løp. No unngjekk eg dette, kanskje fordi eg såg på den avslappa måten Nystrand og dei andre svenskane førebudde seg.
Dette var mitt første stevne ute nokonsinne for øvrig, og det var også ei interessant oppleving. Fint vær og ideell temperatur fredagen la grunnlaget for ein ny personlig rekord på 50 fri. 23.74 var ei forbetring av min gamle langbanerekord, frå Mars i år med 0.03 sekund, men som vi sei: Pers er pers. Dessuten skal eg ikkje ha vore toppa på dei to stevnene eg har persa på i år. Til samanlikning symde eg 24.07 under NM Langbane i fjor, då eg skulle vere i toppform.
Perfekt værforhold var det ikkje på søndag, då 100 fri gjekk av stabelen og urutinert som eg er på å symje ute klarte eg ikkje å halde meg så varm som eg burde ettersom det regna og blåste kaldt.
Om det var skulda til min totale kollaps siste 25, vitast ikkje, men eg gjekk frå å ligge på ein plass i tet på heatet med 25 meter igjen, til å bli nummer sju. Vinnaren, som eg låg jamn med til 75, symde 51.7, medan eg kom inn på 53.1. Det er saktare enn eg symde på ein treningsleir på langbane i det siste. Skuffande.
For høg frekvens i forhold til farta eg hadde første 50 var nok hovudgrunnen til min kollaps. Det blei mykje spinning og lite tak på vatnet. Tredje 25 er bra, men så gjekk det tomt. Dette kan nok kome med overskotet, og eg veit jo at eg kan betre enn dette, men det må trenast på det!
Uansett fekk eg i løpet av denne turen mykje positive innspel som eg kan bruke vidare, både i jakta på å bli ein betre symjar generelt og ein betre langbanesymjar spesielt. Alle som er verdsmeistrar er også menneske, akkurat som meg - og deg. Ha tru på evnene til mennesket!
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|