|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
12.05.09 BSF 2009: Svømmefest med positive resultat
I helga blei Bergen Swim Festival arrengert for tredje året på rad, og kan no verkeleg kallast ein tradisjon, ein god tradisjon. Nok ein gong blei vi vitne til fantastiske tider i Sentralbadet, og for min eigen del symde eg raskare på øvingane mine enn eg gjorde i fjor.
BSF er eit stemne som etterkvart har fått meget god deltaking på seniorsida, både i topp og breidde. Kvalitetsmessig det desidert beste i Noreg, og etterkvart på verdsnivå. Likevel er det eit stemne som ikkje er ein stad ein vel å toppe formen til, på grunn av tidspunktet. Å toppe til eit kortbanestemne i mai, rett framfor langbanesesongen, er ikkje heldig. Det er dog ei ypperleg anledning til å trene i å symje fort.
Det kan fort endre seg litt når (eller snarare, om) det blir langbanebasseng i Bergen, og kan nyttast til eventuell kvalifisering til nasjonale og internasjonale meisterskap.
Difor er det gledjeleg for min del at eg gjer tider på hovudøvingane mine som er dei beste eg nokon gong har gjort utoppa. 22.72 i forsøket på 50 fri, og 50.03 på 100 fri i finalen er det 8. og 9. beste løpa eg har gjort på øvingane henholdsvis. På 50 meter er det berre tre stevner eg har symd fortare - Nordsjø 08, EM 08 og NMKort 09. På 100 meter er talet seks. Det beste var at rytmen var bra, og at symjinga satt fint - det som manglar er overskotet.
Desse to løpa var det første og det siste løpet for helga, det som var i mellom var ikkje like konsistent bra. 50 fly på 25.80, var i og for seg greit, men 25.89 i finalen var nok litt betre, tatt i betraktning syrenivået frå 50 fri-finalen.
200 fri fredag, går vi forbi i stillhet: 1.54.8 fortel om eit løp som ikkje fungerte i det heile tatt frå tak nummer 1. 100 IM laurdag trudde eg skulle gå betre enn det gjekk. 1.00.2 og svakare enn i fjor var skuffande, men trass alt ikkje ei øving eg satsar på.
Då var eg meir skuffa over finalesekvensen på 50 fri, der eg hadde sett meg som mål å komme topp 3. 50-meterane var, som tradisjon er, utslagingsfinale. Det vil sei at ein startar første finalen med alle 7 baner fylt, og så ryker to og to ut, til det står tre att. Eg rauk ut andre runde. 23.21 i første 50, etter å ha forsøkt å holde igjen litt, men likevel vere sikra finaleplass, var tydeleg for hardt. Eg var stokk stiv på den andre 50, og symde på 24.14 - fjerdeplass og ute av finalen. Skuffande at mjølkesyretoleransen er så lav, men kjem nok av perioden.
Søndag symde eg kun 100 fri, 50.95 i forsøket etter ei kontrollert fin symjing blei forbetra til allereie nemnde 50.03, og ein fin opptur på slutten av stemnet. Interessant at eg i 2006 blei norsk meister på same tid som eg hadde i forsøket her. 100 fri blei for øvrig vunne av Stefan Nystrand på tida 46.86.... Lista internasjonalt er på eit høgt nivå.
Det var det også fleire andre symjarar som viste i den store årlege norske symjefesten som BSF er. Eg forstår meg ikkje på dei norske klubbar og symjarar som vel vekk dette stemnet, trass i at det er kortbanestemne. Å sjå og lære av dei store symjarane som var i Bergen i helga må vere alfa omega for ein ung, lovande symjar.
Aschwin Wildeboer, 50.21 på 100 rygg (altså nesten like fort som eg gjorde på 100 fri!), og rett under sekundet bak sin eigen verdsrekord. Undrar framleis over kva han kunne prestert om Sentralbadet var litt djupare, og han ikkje hadde sparka i bakken medan han kicka under vatn i vendinga på grunnsida. Den guten er god på kickinga.
Fleire andre symjingar av utøvarar som nemnde Nystrand, europameistrar Jeanette Ottesen og Petra Granlund, verdsrekordhaldar Cameron van der Burgh, fleire andre utlendingar og våre eigne stjerner Oen, Snildal, Kvale osv, haldt høg klasse, og det var utruleg kjekt å vere vitne til. Dei aller, aller fleste av desse er også særs hyggelege menneske som meir enn gjerne delar av seg sjølv og sine erfaringar om du berre spør. Dette gjer det ekstra hyggeleg at dei kjem på besøk.
Gler meg allereie til BSF 2010 - men mest av alt gler eg meg til å toppe formen i månadsskiftet mai/juni. Tre gode treningsveker no, så er mykje gjort. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|