|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
12.02.08 Nynorsk offisielt språk
Eg har fått mange reaksjonar på at sida skrivast på nynorsk. Somme seier til og med at dei ikkje forstår kva som står på sida. Det er likevel uaktuelt å fire noko på denne haldninga. Nynorsk er og blir offisielt språk for thesander.com.
Det er fleire grunnar til at nynorsk er det skriftspråket eg ynskjar å nytte meg av for å skildre mitt liv. For det første sei det noko om kvar eg er i frå. Eg er frå "landet" og grisgrendte strøk. Det skjønar dei fleste når dei kjem inn her og les, umiddelbart. Kvar er litt meir uvisst, men nordvestlandet kan vel kallast nynorsken si høgborg. Ivar Aasen sin føde- og verkestad er berre ein times køyring og fergetur unna meg.
For det andre tykkjer eg personleg at nynorsk er eit meir estetisk fint språk enn bokmål. Det er vakrare og det flyt betre enn bokmål, som i mine øyrer høyrest ut som ein dårlig versjon av dansk. Det er ikkje fordi eg er betre i nynorsk at eg skriv nynorsk, tvert om; eg hadde betre karakter i bokmål på vidaregåande. Eg må berre beklage om eg blandar inn dialekt når eg skriv nynorsk. Det var ein del av problemet når eg skreiv stil.
For det tredje er det ytst få sider på verdsveven som nyttar nynorsk. Det tykkjer eg er synd, og ynskjer å gjere noko med. Ikkje det at eg har noko voldsamt i mot bokmål; eg har forsona meg med at det kjem til å bestå og kjempar ikkje nokon innbitt kamp MOT bokmålen, om nokon trur det. Eg ynskjar derimot å gjere mitt for nynorsken. Det er viktig for meg, og det er viktig for Noreg, at den består. Rett og slett fordi at nynorsk i bunn og grunn er meir norsk enn bokmål, sjølv om det er byrja å jemnast ut som følge av skikk og bruk.
Eg står for at vi kan ha to skriftspråk i Noreg, men om det er noko som forsvinn, så vil det vere nynorsken. Her på thesander.com vil den ikkje forsvinne.
Les eller lat vera. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|