|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
10.04.11 Turist på Australske meisterskapet
Eg driv ikkje med symjing fordi eg tykkjer det er kjekt å sjå ulike flyplasser, hotell og symjehallar. Å sjå andre symje fort er sjølvsagt artig, eg er trass alt over snittet interessert i symjing, men aller helst vil eg symje fort sjølv. På det australske meisterskapet blei eg mest turist, og eg likar det ikkje.
Eg har vore budd på ein tilvenningsfase og at resultata ikkje ville kome med ein gong etter at eg flytta down under. Difor er ikkje resultata frå det australske meisterskapet verdas undergong. Eg klarar også å sjå positive ting i symjinga mi, sjølv om tidene eg leverte etterlet mykje til å ønskast for ettertida.
 Denne badehetta skulle innvigast i Sydney Olympic Park Aquatic Centre
Stevnet i seg sjølv var åtte dagar langt, det absolutt lengste stevnet eg har delteke på, og eg hadde totalt fire løp på programmet. 4x100 fri første dagen, 100 fri dag 4, 50 fri dag 6 og 4x100 medley dag 8. Nok av tid til restitusjon med andre ord, og sjølv om eg hadde trent relativt tøft heilt inn til stevnet, så var det mulig å svømme fort her.
Litt overraskande blei det første løpet det beste. Normalt sett blir eg bedre utover i stevner, spesielt om eg ikkje har toppa fullt ut. Eg svømte sisteetappa på 4x100-frilaget på 51.77, dryge halvsekundet over min personlige rekord på distansen - både med og utan flygande start. Dette var eg nøgd med, fordi det var første løpet og at eg sym det teknisk på ein heilt ny måte. Med fokus på lange armtak, og gode beinspark heile vegen, svømte eg med ein langt lavare frekvens enn vanlig.
Med frekvens på 50-49-50-51 klarte eg endelig å kontrollere frekvensen frå start. Til samanlikning har eg ofte hatt frekvensar frå 56-60 i starten på ein hundremeter, og 54-56 heile vegen. Dette er nytt for meg, og eg er sikker på at det er vegen å gå OM eg vil utvikle meg. Farta første 50 var det ingenting i vegen med, 24.04. Laget fekk ein god femteplass, og vi svømte 1,5 sekund raskare enn den norske rekorden.
100 fri individuelt kom tre dagar seinare, og med to dagar med kvile og det som minnar om topping trudde eg at eg skulle svømme fortare her enn på laget. Slik gjekk det ikkje, og eg blei nok tatt litt på senga av ein dagsform som varierar når ein trenar mindre. I tillegg var eg for stressa ut, med 55 i frekvens. Deretter sank eg ned til 50-51-frekvens resten av løpet, men beina var allerede kjørt. 53.57, 1.8 sekund opp frå stafettlaget og i det heile tatt ei skuffande affære.
Den nye måten å symje på sitter bra enkelte dagar, men ikkje andre. I tillegg krev den meir av beina mine enn den tidlegare måten å symje på, og beinspark er min store svakheit. Difor må eg klare å begrense beinsparka i byrjinga av løpet. Til no sparkar eg for mykje første 50, eg må finne ein måte å la dei gå jevnt på, utan å sparke knallhardt frå start.. Det sat greit på laget, dårlig individuelt. Ei åpning på 25.03, og tilbakegong på 28.54 fortel historia.. Ikkje like bra ut, og mykje dårligare heim. Har i alle fall noko å jobbe med fram mot sommaren.
 Litt kjekt å være turist er det då også. Sydney Harbour Bridge.
50 fri er ei øving som krevar full kvalitet i alle ledd frå første tak. Eg var bra frå start, og såg bra ut fram mot 30 meter, sjølv med lave frekvensar til meg å være. Eg ligg vanligvis på 68-64 i frekvens på denne øvinga, denne gongen låg eg på 59 frå start. Eg mista rytmen mot slutten, frekvensen sank til 54, og eg tapte forspranget eg hadde på resten av feltet. Til slutt enda eg på 23.94, 0,3 sekund saktere enn bestetida mi frå i fjor, og eit godkjend løp. Når eg får den nye teknikken til å sitte i 50 meter, kan det fort bli ei tid ned mot min personlige rekord; 23.24.
Eg avslutta australske meisterskapet på den verst tenkelege måten; eg diska laget på 4x100 medley etter ei overveksling på sisteetappen. Eg var 6 hundredelar for tidlig ute, og sørga for at vi ikkje fekk 6.plassen vi enda på... (Attpåtil er det ein feilmargin på tre hundredelar.) Hadde eg vore tre hundredelar seinare hadde vi vore med. Eg svømte ikkje noko spesielt bra heller, og hadde fått ei tid på rundt 52.0. Langt betre enn individuelt, men ikkje så bra som første dagen. At min andre tjuvstart i karriera kjem på mitt første viktige stevne for Norwood er heller ikkje særskild kjekt. (Den første kom på stafett på BSF i 2008..)
Eg tar med meg at eg syner visse kvalitetar første løpet, og at det sit bra i byrjinga på 50 fri, eg må berre sette det saman til heile løp. Eg jobbar med noko nytt, og no tør eg også gjere det i konkurransar, det har det skorta litt på før. Med tre månadar til før eg skal være verkeleg i form (til australske kortbanemesterskapet), er det god tid til å trene og terpe på det eg er byrja på - både fysisk og teknisk. Eg har ikkje mista trua, sjølv om eg gjerne skulle ha symd raskare.
Teiknebrettet manglar nokre strekar og ein del farge for å være eit fullendt verk.. Spent på om eg klarar å sette det saman til vinteren. (Eller sommaren for dykk der heime.) |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|