|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
10.03.08 Form i anmarsj : Rapport GP
Grand Prix i Uppsala blei eit berg og dalbane-stevne for min del, men med ein klar positiv undertone. Eit klart teikn på ei stigande formkurve er det uansett, med personleg rekord på 50 fri som høgdepunktet.
Fredag Forsøk 100 fri. At det var første øvinga på heile stevnet var kanskje det som gjorde at eg ikkje var heilt på hugget. Tida til slutt vart 52.61, noko som i seg sjølv er godkjend, i og med at det berre er 4 tidelar over min personlege rekord på langbane. Eg sit likevel igjen med ei kjensle av at eg hadde meir inne på 100-meteren på dette stevnet.
Dette gjer eg fordi at opningstempoet mitt var rett lavt. Då er det sjølvsagt gledeleg at eg greier å halde farta oppe på den måten eg gjer andre 50-meteren. 25.79 - 26.82 er ei god splitting, men neppe min perfekte 100-meter, sjølv om ein aldri veit. Uansett gledeleg med berre 0,4 sekund over personleg rekord på noverande tidspunkt. Ingen finale dog, siste mann inn symde 52.04 - ei tid god nok til å vinne NM førre året.
Laurdag Forsøk 200 og 50 fri. Eg var optimist angåande min uthaldande form etter fredagens gode tilbakegong på 100-meteren. På den andre sida var eg meir skeptisk til eksplosiviteten og hurtigheita eg hadde på dette tidspunktet, etter den opninga på 100-meteren. Det skulle syne seg at eg kanskje heller burde vore omvendt bekymra.
200-meteren blei dei mørke skyene på horisonten etter dette stevnet. På innsymjing og i forberedelsar verka alt til å fungere ypperleg. Eg følte teknikken satt og rytmen satt for å symje 200. Slik verka det også første 100 av 200-meteren, men på den tredje 50-meteren stokka det seg. 56.06 er ein grei utgong, og eg følte eg hadde kontroll. Eg følte på ingen måte dette var for hardt for meg.
På tredje 50 endra eg brått meining. I det eg forsøkte å auke tempoet, endre rytmen og få opp frekvensen sa det bom stopp, og det er ting som tyder på at eg heller burde fokusert på å halde rytmen som den var, og ikkje auke så tidlig. Eg stivna fullstendig og etterkvart slo nok hovudet seg vrang også. Ikkje det at eg ikkje ville, men eg visste ikkje korleis eg skulle reagere for å få det best moglege resultatet. Det enda i ein siste 100 på 1.01.6. Ikkje i nærleiken av akseptabelt og dette er noko vi må analysere og finne årsaken til, både fysisk og psykisk.
Eg ynskte sjølvsagt å vise at eg var betre enn som så på 50 meteren, og bestemde meg for å trykke til, og i alle fall ikkje legge meg ned og klage på formen. Den visste eg var bra frå dagen i forvegen. Eit godt stup, langt betre enn 100-meteren fredag og eg fekk kjensla av at eg var "med". I bana ved sida av meg låg ein av verdas raskaste menn (DEN raskaste i kortbane-basseng), Stefan Nystrand, og eg merka sjølvsagt at han etterkvart drog i frå meg. Likevel klarte eg å holde fokus på tak på vatnet, til og med etter det einaste pustet eg har på ein femtimeter då eg ofte har pleidd slite litt. Eg hadde ei god kjensle når eg symde, og enda betre når eg slo i mål. 23.95. Personleg rekord med eit tidel, første gong under 24 og finaleplass søndag morgon.
Søndag Under Grand Prix i Sverige er det denne sesongen forsøk om kvelden og finalar om morgonen for å simulere OL, ettersom dette vil vere rytma der, på grunn av Amerikanske TV-kanalar og deira ynskje om sendetid. Ofte er ein sløvare om morgonen enn om kvelden og det krevjast ofte noko ekstra for å symje fort om morgonen. Alle som skal til OL, og oss andre sjølvsagt, prøvar difor å finne denne rytma for å symje fortast mogleg om morgonen.
For min del vil det, når eg kjem meg til internasjonale meisterskap, vere snakk om å prestere om morgonen for å ha moglegheit til å kome meg til semifinalar og finalar om kvelden, då dette er det vanlege. Difor vil forsøksfinalen også vere god trening for min eigen del.
Ei god innsymjing, med god kjensle og godt tak på vatnet, fyld opp av tøying, psykiske forberedingar og visse fysiske forberedingar på land, og eg var klar for finalen på 50 meter fri. Eg veit at alt må klaffe for å få ein god 50-meter og difor er det psykiske viktig. Er du ikkje tilstades, psykisk, når startskotet går, kunne du like gjerne ha reist heim igjen før. Difor gjekk alle ressursar inn mot dette.
Nytt godt startstup og einsidig fokus på mine eigne oppgåver. Denne gongen la eg i byrjinga merke til at eg symde frå mannen som låg i bana innafor meg, ein som symde raskare enn meg i forsøket, før eg dei siste 20 meterane hadde kun fokus på meg sjølv. Det fungerte bra, og eg tykte det gjekk bedre enn dagen i forvegen, noko som blei bekrefta då eg slo inn. 23.77. Totalt ei forbetring på 50 fri med 0,3 sekund i løpet av helga noko som må vere meir enn godkjend.
Alt i alt ei god formbekrefting føre våren si store oppgåve om 5 vekers tid, NM kortbane i Stavanger. I tilleg verkar det til at all langbanetreninga bærer frukter, i alle fall på dei to kortaste distansane. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|