Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

10.02.08
Hard, men positiv treningsleir

Treningsleiren med landslaget på Hamar i veke 6 er no gjennomført. Det blei ei hard veke med totalt om lag 39 timar trening, fordelt på treningar både på land (11 timar) og i vatn (ca. 28 timar).

Treningsveka byrja med morgontrening i Sentralbadet i Bergen mandag klokka 06.15. Deretter fortsette den, etter ein kort flytur over fjella og ein enda kortare biltur frå Gardermoen til Hamar, i Ankerskogen på Hamar. Ein time turn og to timar symjing stod på tapetet.

Deretter gjekk veka slag i slag. Totalt 13 symjetreningar (à to timar), to turntreningar (à ein time), to basistreningar (à ein og ein halv time), to styrketreningar (à ein og ein halv time) og seks landtreningar (a ein halv time, før kvar morgontrening på Hamar) blei gjennomført.

64,4 kilometer blei den endelege totalen for antal meter symd denne veka, noko som er langt over det eg har ligge på i det siste. Når ein i tillegg tar med i betraktning at dette var langbane, som medfører ein del meir belastning treningsmessig enn kortbane, er det naturleg at berre metermengdene i seg sjølv er utmattande nok. Når eg då legg til at kvar morgontrening var hard, hard trening med intensitetar gått over melkesyreterskelen blir belastninga enda større. Den andre symjetreninga om dagen var stort sett restitusjon, men i mellom den første (harde) symjeøkta og den andre var der ein eller annan svært hard trening på land.

Både turn og basis samt kanskje særskild styrketrening med vekter krev maksimal innsats kvar gong du gjer det om det verkeleg skal ha nokon utviklande effekt. Målet er å bli betre, og det krevar at du gjev alt, ellers vil du ikkje få utvikling og du kastar eigentleg berre vekk tid.

Typisk dag under treningsleir Hamar, landslaget, veke 6, 2008:

07.00 Frokost
08.00-08.30 Landtrening
08.30-10.30 Symjing (anaerob/hard)
11.00 Lunsj
15.00-16.30 Turn eller Basis eller styrke
16.30-18.30 Symjing (Aerob/restitusjon)
19.00 Middag

Eg er nøgd med måten eg kom meg gjennom den harde treningsleiren på. Eg symde fortare på det fortaste enn kva eg gjorde både i Florida og Flagstaff tidlegare i sesongen, og for meg er det eigentleg kun det beste nivået som betyr noko. Det nivået eg har, tidsmessig, når eg er sliten er ikkje så viktig; då er det berre om å gjere å få gitt ut alt. Laurdag var ein dag eg gjekk heilt i kjellaren; eg trur eg aldri har vore så sliten nokon gong som etter treninga laurdag morgon.

Det er godt å vere sliten, så lenge det kjem av at eg har trent mykje, og kanskje viktigast: bra. Dette har vore ei særs god grunnlagsveke som har gitt meg enda meir kjøt på beinet når det nærmar seg tider for då eg skal symje verkeleg fort. Og tru meg, eg har lyst å symje fort no.

Det er likevel slik at ei god veke ikkje er nok. Det er mange gode veker etter kvarandre som betyr noko. I morgon er den første dagen i neste veke. Basistrening 08.30.

 

PS: Skulle gjerne oppdatert etterkvart der nede, men ettersom det var særs begrensa internett-tilgong blei dette vanskeleggjort.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.