|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
11.01.10 Planar for vinteren og våren
Vårsesongen 2010 nærmar seg start, og hovudmålet er sjølvsagt NM Kortbane i midten av mars, men det er mykje moro både før og etter det. Sommarens internasjonale meisterskap er EM Langbane, og ein har jo alltid ein draum.
For augneblinken er eg på årets første treningsleir i Islands hovudstad Reykjavik saman med resten av Bergensvømmerne. Her trenar eg hovudsakleg grunnlagstrening, som betyr mykje meter i bassenget, noko som ikkje er min favoritt men som må til i visse periodar. Litt spesielt å trene ute i 0 grader celsius i januar, men det er faktisk rett deilig, så lenge det ikkje er start oppetrening med lange pausar. (Då trekk vi innomhus.)
Opphaldet her blir avslutta med eit stemne, Reykjavik International Games, som blir det første stemnet utan superdraktene. Det blir spanande å sjå kva utslag det gjev, men eg har svært få forhåpningar til resultat på dette stemnet uansett, ettersom planen er å svømme 50km (langbane) i veka før stemnet. Plar ikkje vere den perfekte oppladninga, det er om lag 5 gongar så langt som i vekene før eg verkeleg skal prestere.
Etter at leiren her er over, ventar nokre veker heime i Bergen, med intensivt skulearbeid og trening. Eg deltek nok på eit stemne i Sentralbadet første helga i februar, og kanskje også svenskt GP i Uppsala helga etter. I slutten av februar reiser eg saman med landslaget avgårde til Fort Lauderdale i Florida, på ein tovekers treningsleir. Denne typen leirar pleiar å vere bra for meg, eg får symd meir enn vanleg samstundes som kvaliteten blir holdt høg, på langbane. Denne leiren blir nok ei blanding av ressurstrening og anaerob hardtrening.
Tre veker etter heimkomst derifrå(18.03-21.03) kjem NM Kortbane, som i år (igjen) går i Stavanger. I tillegg til dette blir det eit langbanestevne anten helga før eller helga etterpå for å utnytte formtoppen maksimalt - eit opplegg som var suksessfylt i fjor. Kva stevne dette blir er ikkje heilt fastlagd enno.
Ting går altså slag i slag fram mot NM, men det er først i midten av mars eg skal vere i form, det er to månadar til. Mykje god trening, og denne leiren på Island gjev meg ein kickstart på dette.
I etterkant av denne formtoppingsperioden ventar ein tovekers påsketreningsleir med hovudfokus grunnlagstrening på øya Syros i Hellas, herifrå har eg blanda opplevingar, men i år skal det nok bli bra. Utover dette er ikkje alt 100% fastlagd, men her følger kva eg trur blir planen.
Langbanestevnet Trøndersvøm i Trondheim 23.-25.april står nok mest sannsynleg på agendaen i april, før Bergen Swim Festival kjem 07.-09.mai, og den 10.mai er det avreise til ein trevekers høgdetreningsleir i Flagstaff, Arizona. Ein plass ideell for hard og god trening. Også den leiren blir nok ein blandingsleir av mengde og kvalitet.
I byrjinga av juni skal formen nok ein gong sitte på Mare Nostrum-stevna i Frankrike/Spania (2stk). Om ein ynskjer seg med til Europameisterskapen på Langbane i Budapest i slutten av juli er det nok her ein må gjere det (eller før..) I midten av juli er det som vanleg NM Langbane, Trondheim arrengerar, som forhåpentleg ikkje blir dette halvårets sesongavslutning, men som likevel er eit fint mål å trene mot, om EM ikkje skulle bli noko av for min del. I førekant av NM Langbane er det som sedvanleg sommartreningsleir i to og ei halv veke, mest sannsynleg i Nørresundby utanfor Aalborg (DK).
Det blir eit halvår med mykje farting, og kjekt skal det bli. Nye opplevingar, erfaringar og forhåpentleg gode resultat står for døra. Korleis det skal gå med skulen midt opp i alt dette er det vel berre fantasien som set grenser for, men eg skal no gjere mitt beste på begge arenaar - så får vi sjå kva det held til. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|