|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
09.10.08 Syd Cup
Den første verkelege testen denne sesongen gjekk av stabelen førre helg, då eg deltok i Syd Cup, eit symjestevne i Haderslev, Danmark. Tidene var ikkje betre enn kva dei må vere på noverande tidspunkt, men heller ikkje katastrofalt dårlige. uansett berre ein test, og ein fin måte å verkeleg kome i gong med den anaerobe treningsfasen.
Utradisjonelle øvingar, og framfor alt; mange øvingar, stod på programmet under stevnet i Haderslev. Ei øving som 400 fri har eg ikkje symd på eit og eit halvt år no stod det på programmet. 50 bryst er ikkje min spesialdistanse akkurat og 100 rygg har heller ikkje vore prioritert dei seinare åra, men alt stod på programmet under dette stevnet.
Stevnet opna fredagen med 400 fri. Ei hard opning først 100, og sluttresultat på 4.07, via 1.59 er greit for ein distanse eg overhovudet ikkje satsar på. 400 er rett og slett for langt for meg, når eg trenar på måten eg gjer. Likevel akseptabelt.
Mangelen på utsvømmingsbasseng gjorde seg gjeldande dag nummer to. Uten moglegheit til å få ut mjølkesyra på tilfredstillande måte kjende eg at eg var sliten allereie før start. Lange stevneavsnitt gjorde at heller ikkje etter sekvensane var det særskild aktuelt med utsymjing. Ikkje det beste utgongspunktet. 50 bryst blei gjort unna på 31.08, faktisk ny personlig rekord, men ikkje akkurat ei fryktinngytande tid.
Deretter stod 100 fri på programmet. Ei opning på 24.98, og ein tilbakegong på 26.63 var løpsopplegget til 51.61. Ei tid eg overhovudet ikkje var nøgd med på det tidspunktet. Eg trudde faktisk eg symde raskare, særskild første 50, der eg forsøkte å kome meg godt ut. Stevnet skreid framover og ein stafettetappe på 23.02 med flying start bygde under min kjensle av å ikkje være i slaget. Forsøksavsnittet blei avslutta med 100 rygg på 1.04.4 - ei smertefull oppleving.
Melkesyreopphopninga fortsatte, noko som ut frå eit treningsmessig perspektiv er positivt, men ut frå eit resultatorientert perspektiv ikkje er så positiv. Finalane (som berre inneheldt 50 og 100meterar) laurdag kveld byrja med 100 fri, ei hardare opning på 24.75, men ein noko svakare tilbakegong på 26.91, hovudsakleg skulda dårlig sistevending, førte til ny tid på 51.6-talet. Deretter følgjer ytterlegare to finalar på ein halvtime, og 50 bryst på 31.19 samt 100 rygg på 1.04.45 er eit faktum.
Søndag starta med 50 fri. 23.43 i innleiande heat. Ikkje heilt på trynet, men heller ikkje særskild bra. Sliter med vending, og få det sedvanlige trykket siste 15 meterane. 200 fri følgde deretter, noko som ikkje blei ei positiv oppleving. 1.56.85 er det lenge sida eg har symd på, uavhengig av tidspunkt, stad eller basseng i kortbane. Skuffande svakt. Eg var sliten, og vi bestemde oss for å stryke meg frå 100 butterfly seinare. Ein ny sisteetappe på stafett på 23.2 fortel det meste.
I finaleavsnittet hadde eg dermed berre eit løp; 50 fri. Eit løp som enda opp i 23.42, eit hundredel betre enn om morgonen. Det skal nevnast at det her berre var ein halvtime pause mellom forsøk og finalar, og dermed ikkje var dei mange timane med kvile som det vanlegvis er.
Uansett er ikkje resultata oppnådd i helga på eit godt nok nivå for meg. Om fire veker skal eg vere i toppform, det er eit stykke å gå enno. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|