|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
09.10.08 Haustleir over
Årets haustleir gjekk av stabelen i Haderslev, heilt sør på Jylland i Danmark. For min del blei det ein ganske rolig leir, prega av rolig symjing, litt meter, landtrening samt bevegelighet.
På grunn av at eg har fått konstatert at mine noko svingande treningsprestasjonar skuldast at eg har ein tendens til å trene for mykje hardt i forhold til mengda oppbyggande rolig trening så blei leiren noko roligare enn først tenkt. Eg har rett og slett ikkje fått restituert meg godt nok tidlegare.
Det skulle vi prøve å rette på. I alle fall fram mot stevnet, som du kan lese om her. Det var kanskje ikkje heilt vellukka, men fekk i alle fall gjort en del bra aerobt arbeid, samt god på landtrening i tillegg til morosame fotball- og innebandykampar.
9 svømmetreningar i tillegg til stevnet var vatntreninga i tillegg til fire basistreningar, to bevegelighetsøkter og to øktermed alternativ aerob trening (fotball/innebandy) samt ei vekttrening blei det på dei 10 dagane på leir. Treningsutbytte skal først sjåast fram mot Nordsjøstevnet, og ikkje så mykje før.
Ei grei treningsveke, som var annleis enn kva vi eigentleg hadde sett for oss, for å prøve å betre treningsprestasjonen på lang sikt, som er det viktigaste. Grep blir tatt, for å bli best mogleg eit stykke fram i tid, om ikkje akkurat no. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|