Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

09.07.08
Hamrar i veg på Hamar

Treningsleiren i Ungarn er no vel overstått, og vi har ankome Hamar, staden for eit nytt langbane-NM i symjing. NM byrjar i morgon, torsdag. All trening og førebuing er no overstått, og den fysiske stoda innan NM er slik den er. Treninga har fungert fint på leiren og gjev ei god kjensle innan NM-starten.

Årets sommarleir har vore eit to-vekers langt opphald i Balatonfüzfö, ved Balaton-sjøen, i Ungarn. Både staden og landet var ei ny oppleving for oss, og vi var difor litt usikre over kva vi gjekk til. Den største bekymringa var på førehand for kva mat vi fekk servert, etter at påskeleiren i Polen førre året blei hemma av at maten var litt vel spesiell for mange. Bekymringa viste seg grunnlaus.

Maten var god, været var strålande (og særs varmt) og symjehallen var ein ypperleg treningsarena. Om ein skulle utsette på noko var det manglande aircondition på rommet, og kanskje at styrketreningslokalet hadde litt manglar. I bassenget og ellers på land fekk vi gjort det vi skulle og treninga blei for min del utført etter planen.

Eit par utflukter til ei nærliggande strand, samt ein tur til Budapest vart det også tid til som utanomsportslege aktivitetar og som antistoff mot brakkesjuka. Avbrekk i treninga er også viktig, og særskild i ein periode kor man skal toppe formen, kor kvile og restitusjon er like viktig som sjølve treninga du gjer.

Testresultata har for min eigen del vore gode denne gongen, og ligg på eit nivå høgare enn kva eg har gjort før, noko som gjev ein tryggleik i det eg skal gje meg ut på. Målet mitt er som alltid ved eit NM å setje personlege rekordar, så får vi sjå kor langt det når plasseringsmessig - eg kan ikkje kontrolle kor fort alle andre sym.

Spanande blir det i alle fall, og mitt øvingsoppsett er som følgjer under årets NM:

Torsdag: 4x200 fri
Fredag: 100 fri
Laurdag: 200 fri eller 50 rygg + 4x100 fri
Søndag: 50 fri + 4x100 medley

Meisterskapen kan du fylgje på følgjande nettstadar:
Fribading.com
Svomming.no
Livetiming.no

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.