Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

08.12.08
EM Kortbane startar Torsdag

I morgon er det avreise til Europameisterskapen i Rijeka, Kroatia. Det har gått greit på trening den seinaste tida, og torsdag går startskotet for mitt første løp: 50 fri.

Eg skal delta på 50 fri (torsdag) og 100 fri (fredag) i meisterskapen, som varar frå torsdag til søndag. I tillegg stiller Noreg lag på 4x50 fri (søndag).

Målet er som alltid på stevner som det er lagt opp til formtopp på å setje personleg rekord. Går eg under 22.35 og 49.26 på dei to distansane vil stevnet bli beteikna som meget vellukka frå mi side. Sjølvsagt hadde det vore ei oppleving med ein semifinale også, og går eg under dei personlege rekordane er det ikkje heilt utenkbart, men det er ikkje noko som er nauddsynt for at meisterskapen skal bli ein suksess.

(I følgje startlistene er eg påmeld som nummer 27 (50) og 37 (100). Dei 16 beste går til semifinale. Startlister )

Meisterskapen vil bli overførd på Eurosport, alle finalane går direkte. Forsøka torsdag blir send i redigert opptak før finalesekvensen, medan forsøka fredag blir send direkte. Det ser ikkje ut til at det blir send noko forsøk laurdag og søndag.

Meisterskapens offisielle heimeside: Rijeka2008.com

Her kan du fylje stevnet via livetiming: Omegatiming.com

Her kan du lese om stevnet: Svomming.no
                                              Fribading.com
                                              Simma.nu
                                              Simsport.se

 

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.