Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

08.05.08
Bergen Swim Festival 2008

Årets symjefest i Norges symjehovudstad går av stabelen i morgon. Det blir verdsklassesymjing å sjå i Sentralbadet gjennom utøvarar som Stefan Nystrand, Lars Frölander, Oleg Lisogor og sjølvsagt Alexander Dale Oen. For min eigen del har forventingane gått ned litt dei seinaste vekene.

Problemer med å kome i gong att etter NM, sjukdom, eksamenstress med meir har gjort at eg ikkje har fått trent så godt som eg har ynskja dei seinaste vekene. Rett etter NM var eg innstilt på å verkeleg satse på dette stevnet, men no er eg litt meir avventande. Eg vil sjølvsagt gi alt, men resultatfokuset vil vere begrensa. Det vil vere desto viktigare å gjere gode løp.

Løpsopplegget mitt er litt usikkert på grunn av at dei siste vekene ikkje har sitte som dei skal treningsmessig, men fredag er det i alle fall 50 fri og 50 butterfly på programmet, laurdag 25 fri og kanskje 100 IM, medan det søndag er 100 fri og 50 rygg. Eg var opprinneleg påmeldt 200 fri og, men står over denne distansen denne gong, etter dei siste trøblete vekene. Spanande å sjå kva eg får til på andre stilartar enn fri blir det uansett.

Spanande blir det også å sjå brystsymjingsduellen mellom Oleg Lisogor (UKR -verdsrekordhaldar), Cameron van Der Burgh  (Sør-Afrika, sølvmedalje i VM nyleg) og Alexander Dale Oen (Norge, Europarekordhaldar). På mine fridistansar kjem verdsrekordhaldaren på 100 fri kortbane, Stefan Nystrand, sjølvsagt til å bli spanande å fylgje. I juni skal eg på ei vekes treningsopphald med han og Petter Stymne, medlem av det svenske gull-laget på 4x100 fri i EM nyleg, som også han kjem til BSF.

Olympisk gullmedaljør Lars Frölander skal demonstrere butterfly i høg klasse, det same skal Anna-Karin Kammerling (med mange internasjonale medaljar på samvitet) på kvinnesida gjere.

Det blir nok av godbitar for dei som vel å sjå innom Sentralbadet i helga, godbitar som ikkje akkurat er vanleg på norsk jord. Er du i Bergen eller omegn? Ta deg ein tur til finalane, laurdag klokka 17.00 og søndag klokka 15.00 og sjå internasjonal toppidrett.

Har du ikkje moglegheit til å kome i Sentralbadet, kan du følgje stemnet her:
Livetiming.no
Fribading.com

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.