Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

07.12.09 EM Kortbane står for tur

Torsdag startar EM Kortbane i Istanbul. Mitt andre internasjonale meisterskap, og eg går dit med mål om personlege rekordar, og fine prestasjonar på stafettane.

Treningsformen har sidan verdscupen i Stockholm og Berlin vore upåklageleg. Dei stevna var ein suksess for meg, og eg ser ingen grunn til at eg ikkje skal symje enno fortare no, enn eg gjorde då. 3 nye veker med god trening i kroppen, og ingen problemer verken fysisk eller mentalt gjer meg optimist i førekant av meisterskapen i Tyrkia.

Individuelt sym eg 50 fri torsdag, og 100 fri fredag. Stafettar har eg torsdag, 4x50 medley, og fredag 4x50 fri. Eg går hovudsakleg for personlege rekordar. Gjer eg det betre enn eg har gjort før, så kan eg ikkje klage. Likevel ligg jo ein liten draum om semifinale individuelt og finale på stafetten latent i meg, og presterar ein godt nok....

Forsøkssekvensane blir etter det eg veit ikkje synt på fjernsyn i Noreg, men semifinalar og finalar blir sendt kvar dag på Eurosport. Elles syner nok svensk fjernsyn ein del. Om du har lyst å følgje meisterskapen generelt eller meg og dei norske symjarane er følgjande nettstadar gode:

Min Twitterprofil

Istanbul09.com - Offisiell heimeside

Omegatiming.com - Livetiming av øvingane

Simma.nu - Svensk side med god oppdatering

Svomming.no - Norges Svømmeforbund si heimeside

Fribading.com - Norsk nyheitsside. Kan vere den glimrar til med oppdateringar?

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.