|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
07.09.09 Hausten 2009
Hausten 2009 har fått ein tilfredsstillande treningsstart, og snart kjem det til å gå slag i slag med aktivitetar. Målet for hausten er å kvalifisere meg til EM kortbane, etter at krava har blitt kraftig oppjustert.
Kvalifisering til EM må skje i midten av november, som vanleg er. I år blir det verdscupstevner i Berlin og Stockholm i staden for det tradisjonsrike Nordsjøstevnet, som følge av ein kollisjon.
Fram til då er det fleire aktivitetar. Frå laurdag (12.september) og to veker framover blir eg å finne på Kypros, Coral Beach. Rapport frå sist gong eg var der kan du lese her. Ein fin plass med gode forhald for trening. Gler meg allereie til å få lagt eit viktig grunnlag for min sesong der.
Deretter fyl det, etter planen ein haustleir i Strandebarm i Hardanger (fire dagar 08.10-11.10) eit nytt anlegg som etter sigande skal ha dei fleste fasilitetar. Denne leiren vil vere ein leir med fokus på kvalitet i vatn og med mykje stevnerelatert trening.
Deretter ynskjer vi å få til ein tur til Sverige og Stockholm, for å trene med Stefan Nystrand og Petter Stymne - som eg gjorde i juni 08. Dette vil vere i 7-10 dagar i veke 42/43. I slutten av veke 43, 23.10-25. skal eg delta på eit stevne i Köln Tyskland, kor eg reiser saman med moderklubben min Arna SLK. Dette er eit langbanestevne og vil vere god stevnetrening, samtidig som det er god fysisk belasting å svømme langbane, med tanke på det som skjer tre veker etterpå.
Eg har takka nei til høgdetreningsleir med landslaget i Sierra Nevada i dette tidspunktet, som fylgje av at eg skal toppe formen til verdscupstevna ti dagar etterpå, og ikkje finn det hensiktsmessig å dra opp i høgda då.
I slutten av oktober kan det vere eg deltek på eit stevne heime på Eid, om vi finn det hensiktsmessig. Det blir mykje reising i haust, og eg skal også kome meg gjennom skuleåret. Eg har lyst, i og med at Arna også skal oppover der. Hadde vore ei god anledning å kome heim.
Deretter er det duka for toppform (forhåpentleg). Verdscup i Stockholm 11. og 12. november, samt Berlin 14. og 15. november blir dei store måla for hausten. Om eg klarar kvalifiseringskravet til EM (21.85 - PR 22.07), blir det vidare satsing fram mot EM i Istanbul i midten av desember, noko eg går ut i frå.
Fyl med for rapportar om kva som skjer.
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|