Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

06.03.08
Stevneklar

I helga arrangerast det andre svenske Grand Prix for sesongen, i Uppsala. Eg reiser dit for å teste formen, etter ei rekkje gode treningsleirar i det siste.

Sverige arrangerar tre Grand Prix-stevner kvar sesong, som fungerar som ein slags Norgescup eller liknande i langrenn. Det er ein samanlagtvinst og vinstar på enkeltstevne. Stevna er også opne for utlandsk deltaking og eg har deltatt på ei rekkje Grand Prix tidlegare. På akkurat dette stevnet kjem ei rekkje hollandske og britiske toppsymjarar i tillegg nokre få nordmenn.

Stevnet arrangerast på langbane, og eg skal symje 50, 100 og 200 fri. 100 fri går først på fredag ettermiddag medan 200 og 50 går laurdag ettermiddag. På Grand Prix-stevna er det forsøk om ettermiddagen og finalar om morgonen, for å simulere dei olympiske leikane som vil ha denne rytmen som ei fylgje av krav frå fjernsynsprodusentar.

For min del skal eg nok være nøgd om eg kjem til ein finale, særskild tatt i betraktning at konkurransen går på langbane. Det skal bli interessant å sjå kva stoda er litt over ein månad før kortbane-NM.

Ein fyldig rapport frå stemnet med reaksjonar kjem sjølvsagt på thesander.com så fort som mogleg etter stevneslutt.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.