|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
05.03.10 Fin flyt i Florida
Å vere på leir med landslaget er alltid ei artig oppleving. Noregs beste symjarar på ein stad borgar for tida for kvalitet, treningsvilje og mykje moro. For min del innebærer ein landslagsleir alltid ein del meir meter enn heime, og så også denne gongen - ispedd ein del kvalitet ettersom NM nærmar seg. Leiren gjekk av stabelen i Fort Lauderdale, Florida, ein stad eg har vore før og som eg likar.
La gå at håret på hovudet blir blondt, at kroppshåret blir etsa vekk og at augebryna mine både blir speare og blondare av å symje mykje i det særs klorhaldige i bassenget på Pine Crest School. Temperaturen i vatnet er behageleg og eg har gjort mange fine treningar der på dei to treningsleirane eg har vore der.
Ein del av det som motiverar ekstra til å drive på med symjing opp i snart godt vaksen alder er nettopp det at eg får anledning til å vere med på treningsleirar ut i verda, til eksotiske stader som er litt meir enn gamle ærverdige sentralbadet. Sjølv om veret i store trekk ikkje var så fantastisk denne gongen, trass i at enkelte dagar var bra også. Ein temperatur på rundt 10 grader med kald vind er ikkje nok særskild om morgonen når ein trene røyrsleevna på bassengkanten. Det som skulle skje i vatnet var likevel ikkje noko problem og det er alltid det viktigaste når ein reiser vekk på langbanetreningsleir.
 Bassenget der vi trena, ein kjølig morgon
Totalt blei det 104 km fordelt på 22 symjetreningar. I tillegg hadde vi fire løpeøkter, fire styrkeøkter, 8 røyrsleevnetreningar og 6 basis/landtreningar. Med andre ord ei ansjåaeleg mengde, som innimellom la ein dempar på det kvalitetsarbeidet som skulle gjerast. Eg hadde dagar der ingenting fungerte, og eg hadde dagar der eg gjorde tider oppimot det beste eg har gjort.
Slik er det i tøffe treningsperiodar, og då er det viktig for meg å roe ned på dei dagane kor ting ikkje fungerar. Det følte eg at eg var dyktig til denne gongen og difor blei det også eit fåtal dårlege dagar, og langt fleire akseptable/gode dagar.
Aerob synte leiren at eg er på nivå med mitt beste, og det er uansett den klart beste formen eg har vore i uthaldenheitsmessig sidan eg la om treninga hausten 2008. Når eg då i tillegg sym like fort som på mitt fortaste treningsmessig, er det tydeleg at eg ligg godt an. Eit anna positivt aspekt er at beinsparka mine, som har vore eit klart satsingsområde framleis syner framgong, sjølv om jogging og mykje beinspark gjer meg sliten i beina undervegs i treningsleiren.
I skrivande stund er det 13 dagar til NM, og no skal finpussen gjerast. Detaljar i startstup og vendingar samt symjing i absolutt maximal hastigheit skal etterkvart byrje å sitte, og får eg det tekniske til å sitte ligg alt til rette for eit godt Norsk meisterskap. Helga etter det skal eg til Amsterdam for å delta på eit langbanestemne der. Det er med andre ord ein spanande periode eg går inn i no. Ting ser bra ut, men dei siste fjorten dagane kan vere avgjerande i forhald til KOR bra det blir.. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.1 |