|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
05.03.10 BSC-stemne forbigått i stillheit
I byrjinga av februar deltok eg på All-Maritim Vintercup i Sentralbadet. Ingen rapport har blitt avlagt frå dette stemne, og det var i store trekk eit stemne å forbigå i stillheit.
Stemnet gjekk føre seg i ein tøff treningsperiode og med long trening på morgonen i førekant av stemnet, noko som naturleg nok la dempar på resultata. Det byrja likevel særs godkjend med ein 100 Butterfly på 58.9, kun eit tidel over min personlege rekord frå i haust på eit liknande stemne.
Som vanleg trøtna eg veldig på slutten, og eg er nok god for langt betre på eit stemne kor eg har satsa på å symje fort på distansen. Om dette blir nokon gong, er uvisst...50 butterfly på 26.3 nokre minutt seinare var ikkje særskild bra, men på same nivå som same stevne i haust.
Søndag var det klart for 100 fri og 50 fri. Øvingsoppsettet på desse stemna er i mine auge bisarr, men noko må vel ofrast om ein skal få alle øvingane i symjing inn på to dagar.
100 fri på 52.2 var ikkje langt unna katastrofe, men eg følte meg veldig dårleg denne dagen, og var nok ekstra ute å køyre. 23.6 på 50 fri var betre, og faktisk betre enn eg gjorde på same typen stemne i haust. (Husk at i haust symde eg i superdrakt, det gjorde eg ikkje no...)
Ein skal ikkje legge for mykje i resultat frå slike stemne, men alt var ikkje håplaus, og at i alt omtrent på same nivå som i fjor haust, og då symde eg jo ganske fort når alt kom til alt... |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|