Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

04.11.10 Svenska Simspelen: Årsbeste, men...

Svenska Simspelen blei eit godt stemne for min del. Eg gjer dei beste tidene eg har gjort kun iført jammer, men likevel kjennes det som om det ikkje er fullklaff. At eg berre er 26 hundredelar frå landslagskrav, EM og VM-plass set sjølvsagt ein viss dempar på stemninga.

Eg har lenge hatt målet om å få symje VM i Dubai i Desember i år. Dette ser no vanskeleg ut, etter ikkje å ha klart kravet før 1.november. Eg gjorde eit godt forsøk, og det var ikkje så langt unna. Tilfreds, men ikkje nøgd.

Trening i haust har gått bra. Eg har trena på ein ny måte, der eg sjølv har tatt meir kontroll over sjølv øktplanen. Innhalde på øktene har ikkje vore så annleis frå tidlegare, men den nye struktureringa har gjort meg betre i stand til å gjennomføre alle øktene med kvalitet. Særs få treningar har vore under godkjend, eller har vore naudsynt å endre på grunn av ein ikkjefungerande kropp.

På førehand ansåg eg sjølv 50-meter som min beste sjanse. Trass i at eg har trent bra på 100-meterspesifikk trening denne hausten, så har det ikkje fungert på 100-meterar på stemne. For to veker sidan symde eg 51.7 på Lambertseter Open, og det er langt derifrå til 49.04 som var kravet.

Difor var det med ei viss spaning eg hoppa i vatnet på 100 fri  laurdag morgon. Eg har jobba mykje med taklengde og å kontrollere frekvensen denne hausten, og var særs bevisst på å opne kontrollert. Det gjorde eg då også. 11.1 første 25 er fort, men med 53 i frekvens absolutt ikkje ukontrollert. Dei to følgjande 25-meterane steig frekvensen til 54, og siste 25 til 55. I utgongspunktet eit heilt ideelt løpsopplegg, men det gjekk litt for sakte. 13.0 (24.17 første 50) blei etterfulgt av 13.3 og 13.0. (26.38 siste 50). 50.55 i sluttid. Eit godt teikn at eg hadde så mykje igjen siste 25, det var skilnaden frå tidlegare i sesongen. Uansett ei tid eg ikkje var tilfreds med. Somme arbeidsoppgåver blei gjort bra, medan andre som pusteteknikk og vendingar ikkje sat heilt.

Eg var nøgd med at eg fekk ei positiv oppleving, at eg ikkje møtte veggen som eg plar og at eg viste at eg var betre enn tidlegare i sesongen. I tillegg hadde eg klare oppgåver som eg kunne gjere betre. Eg gjekk difor til finalesekvensen med positive tankar.

100 fri finale Video:

Stupet er godkjend og eg får ein OK oppgong. Beina har framleis for store utslag ved oppgongen etter stup og vendingar, dei må bli mindre og kjappare. Eg startar med høgare frekvens, antakeleg litt høgt, 56. Ei akseptabel vending, og ute på 10.9 denne gongen. Prøvar å halde att litt andre 25, og frekvensen synker til 54. 23.80 ved vending, 0,3 raskare enn i forsøket. Tredje 25 forsøker eg å jobbe hardt inn mot veggen, og eg føler eg gjer det bra. Frekvensen stig til 55 Litt tull med pusterytmen der, men eg held trykket bra. Pustinga er generelt litt for store bevegelsar. Ved fleire høve langs heile 100-meteren kan ein sjå begge brilleglasa, det er teikn på at eg vrir hovudet for langt. 12.9 tredje 25 blir avløyst av 12.9 også siste 25 med 55 i frekvens. (25.95 siste 50.) Sluttid 49.75. Over halvsekundet betre enn eg gjorde på NM kortbane i Mars, det eg tidlegare hadde gjort best i år. 2 sekund bedre enn Lambertseter. Jada, eg var i form. Også vann eg då.

Førstepremien:

Trua steig før 50 fri. Forsøksløpet gjekk ok, men ikkje meir. Eit flatt stup - eit generelt problem eg har, blei etterfulgt av OK svømming, men bommar nesten heilt på veggen og får dårleg fråspark. Dårleg fråspark=mindre fart, noko eg dreg med meg vidare. Også her kontrollerar eg frekvensen betre enn eg har gjort før, men særleg siste 25 glepp eg tak på vatnet, og får ikkje den sinnsjuke andre 25 som eg har hatt på mitt beste. 10.6-12.1 i splittar, men føltes som om eg hadde ein del å gå på, i alle fall heimover. 22.74 i sluttid var ikkje heilt det eg hadde håpa på, det var litt langt derifrå til 22.27, om eg skulle vere heilt ærleg. Personleg hadde eg håpa på ei tid rundt 22.5 for å verkeleg ha trua på at det skulle gå til finalen.

50 fri finale Video

Stupet er betre denne gongen, sjølv om eg framleis landar litt for flatt. Vendinga er mykje betre, sjølv om eg framleis er for stor rundt, tar litt for lang tid. Eg er litt for stressa med frekvensar på 64 heile vegen, skulle ha vore 3-4 lavare, men svømmer bra første 25, andre 25 er også bra med unntak av to ting: Pustet er alt for stort, eg mistar tydeleg fart på det. Eg kjem fint inn i det att fram mot innslag, men då gjer eg det eg nesten alltid gjer når eg slår inn i stor fart: tar eit tak for mykje. Eg burde ha glidd på nest sistetaket. Kanskje kunne eg ha vunne 50-meteren, VM-kravet var nok utanfor rekkevidde. 10.5-11.9 og sluttid på 22.53.

Målet er kanskje ikkje nådd, men det var rett nært, og i alle fall ikkje dårleg. Eg er oppmuntra av at eg er betre enn i vår, og at det hjelper å trene smartare. I tillegg kjennes det som om det er meir inne. Klare ting å forbetre, kanskje allereie til Nordsjøstevnet? Sjølvsagt skulle eg gjerne reist til Eindhoven (EM) og Dubai (VM), men livet går vidare.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.