|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
04.06.10 Fin høgdeleir i Flagstaff
Dagen etter BSF sette eg meg saman med ein stor del av det norske landslaget i symjing på flyet over dammen i retning Arizona, USA. I byen Flagstaff finn ein eit av dei mest kjende høgdetreningsanlegga i verda, i alle fall for symjarar. For min del var det tredje besøket der, og det er også det desidert beste.
Høgdetrening er ein kunst. Det er tyngre for pusten, hjartet og heile kroppen. Restitusjonen tar lenger tid, men alle reagerar forskjellig. Difor tek det nokre forsøk å få det riktig. Det er sjeldan nokon dreg på sin første høgdeleir før sitt viktigaste stemne nokon gong. Mitt første besøk i 2005 med Bergensvømmerne blei øydelagd av sjukdom. Mitt andre besøk, med landslaget i 2007, var eg frisk men trente nok for hardt. Både undervegs i leiren, og på stemna i etterkant hadde eg dårlege (test)resultat. I år var i alle fall det eg gjorde undervegs i leiren mykje betre kvalitetsmessig.
Alle treningar gjennomført, symd lenger enn planlagt, og stort sett hatt overskot i treninga. Totalt blei det 148 100 meter i løpet av dei tre vekene, rett under 50km i snitt på langbane i høgda - absolutt meir enn kva eg hadde gjort heime og eit godt grunnlag fram mot sommaren.
Det er likevel alltid viktig for meg å få trent med kvalitet, det er ikkje noko poeng i å symje eit visst antal kilometer berre for å symje det. Det skal vere eit føremål med det heile. Med Mare Nostrum-stemna rett rundt svingen etter heimkomst frå leiren var det viktig å vedlikehalde mest mogleg fart og ein viss syretoleranse. Einaste måten å få trent det på er ved å ha eit overskot energimessig og muskulært, så ein verkeleg klarar å trøkke til.

Difor var det gledjeleg at eg som regel, om enn ikkje alltid, klarte å prestere når eg skulle. Ved fleire høve såg eg 24 talet på langbane på trening, noko som er akseptabelt, spesielt med tanke på at eg symde med lav frekvens. (Førre gong eg var i Flagstaff kom eg aldri under 26...)
Utflukter er alltid noko ein ser fram til på leirar. På treningsleirar høgt til fjells som varar i tre veker kanskje enno meir enn vanleg. Difor er det positivt at utfluktene på desse leirane er utanom det vanlege. Shopping er som alltid mange sin favorittaktivitet på friettermiddagar, medan for andre er det kjekt å kome seg ut og sjå noko.
Ein aktivitet med litt sving i er jo ein dagstur ned og opp opp Grand Canyon. 26 kilometer totalt, 1400 høgdemeter i begge retningar. Nedover går greit, oppover går verre. Ein blir frårådd å går begge veiar på ein dag, men for somme av oss er 6 timar meir enn nok. Vi er då ikkje feite amerikanarar. Ein video/fotomontasje frå den turen kan du sjå her: Grand Canyon 2010
Ein annan aktivitet i fantastisk natur var det då vi tok ein tur til Sedona for offroadsykling. Dette gjorde eg også sist gong eg var i Flagstaff, og var absolutt verdt det heile. Ein video/fotomontasje frå den turen kan du sjå her: Sedona

Alt i alt ein leir med gode opplevingar, både i vatnet og utanfor. Så blir det spanande å sjå korleis kroppen reagerar på lang sikt med tanke på høgdeopphaldet. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|