Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

04.05.10 Påska 2010 under gresk sol

Som vanleg var det treningsleir på terminlista under påskeferien. I år som i fjor, og for tredje gong totalt var leiren lagt til den greske øya Syros. Det uvanlege i år var at eg kom rett frå formtopping, og skulle rett på grunnlagsleir, noko som i seg sjølv er ein vanskeleg overgong.

Når formtoppinga i tillegg var mislukka er det ein mental omstilling der, som ofte treng nokre dagar kvile for å verkeleg kome på plass. Difor blei det ein litt annan inngong på leiren, ettersom ei for hard oppstart att fort kan ta knekken på motivasjonen. Ikkje dermed sagt at ein ikkje skal trene, men ein kan trene mindre og meir anna.

Det gjorde vi også, for å skape motivasjon, lyst og vilje til å verkeleg gå på framover. Leiren var planlagd til å vere mest fokusert på ekstra landtrening og ein god del alternativt aerobt arbeid, og for min del blei den første veka sterkt amputert symjemessig. Øktene begrensa seg til 2-3500 dei første tre dagane, før eg, etterkvart som lysta til symjing kom tilbake skrudde opp i mot 5km pr økt og antal økter med eit visst meterantal økte fram mot heimreise.

Ein treningsleir i påska i eit såpass strengt kristeleg land som Hellas innebær litt problem med å få bassengtid på helligdagar, noko som innbyr til mykje annan aktivitet. Springing, yoga, basistrening og fotball på stranda, fjellturar i ein særs bratt bakke, vekttrening fungerar som stikkord for treninga vi gjorde på land i perioden.

Visse landtreningar er meir utanom det vanlege enn andre. For min del er det å springe ikkje noko eg gjer så mykje av i det vanlege, i alle fall ikkje i formen av å jogge. Det begrensar seg oftast til oppstartsfasen av sesongen og treningsleirar. Difor var berre det å jogge bortimot kvar dag spesielt.

Ein spesiell ting, trening ut av det vanlege, var då vi gjennomførte duathlon. Duathlonen bestod av fem gongar fram og tilbake på stranda, to gongar symjing ut til ein molo, før det blei avslutta med springing opp helvetesbakken. Helvetesbakken var ein særs bratt sementert/asfaltert bakke som snodde seg opp fjellsida av øya. Ikkje berreberre for ein mann på 100kg å trasse tyngdekrafta på den måten. Når heller ikkje jogging over tid er mi beste side, sei det seg sjølv at det måtte kraftig mobilisering for å kome igjennom det heile heilskinna. Når eg til slutt enda på ein respektabel 7.plass , kun slått av Eirik, Paal, Sindri, Erlend, Sebastian og Eivind, alle små lette duracellkaniner. At eg i tillegg hadde nok krefter til å slå dei beste jentene på siste 2-300 meterane var også særs, særs viktig!

Den mest spesielle reine joggeturen var likevel kanskje på helvetesdagen. Helvetesdagen var tirsdag i andre veka der nede. Dagen byrja med ei knallhard symjetrening på morgonen, etterfulgt av ei knalltøff styrketrening. Vidare var det ein fjelltur opp helvetesbakken, før det var på tide med jogging dei drøyt 7 kilometerane til trening. Her var 4,5km oppoverbakke, og sjølv om det ikkje var ein konkurranse, gjekk det sjølvsagt sport i det og eg sprang bortimot det eg hadde. Mest fornøgd eg var eg med å slå Erlend Ulveseter, den vesle spretten, etter å ha ligge klarte bak han på toppen av bakken. Eg brukte steglengda nedover, passerte han mot botnen av bakken, og klarte å halde unna på flata inn mot mål. Deilig!

Alt i alt ein leir som gav meg eit godt grunnlag, sjølv om det blei litt annleis enn ein tradisjonell påskeleir. Det var akkurat kva eg trengte, med ei masse gode opplevingar. At veret i tillegg var fantastisk over dei 12 dagane vi var der hjelper sjølvsagt også på! Ein god start på resten av sesongen.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.