|
Visdomsord finn du på framsida!
|
04.02.09 Skagerak Swim: Gode tider utoppa
Skagerak Swim i Kristiansand er eit årvisst monsterstemne i form av antal deltakarar og plass i hallen. I år var inget unntak, og det gjev ei litt anna stemning enn å svømme eit stort, viktig stemne. For min del var formålet hovudsakleg trening, i ein periode der treninga gjer at topphastigheten ikkje er særskild høg. Likevel var det visse oppløftande resultat for min del.
Det blei ei travel helg i Kristiansand. Totalt 13 løp på tre dagar er uvan kost for ein som helst held seg til eit eller to løp om dagen. På Island for to veker sidan symde eg fire løp på tre dagar, og det er klart at føresetnadane for å prestere godt er betre då.
Hensikta med å symje så mange løp er hovudsakleg todelt: det eine er den reine treningseffekten, som går på å øve seg i å symje fort og å produsere (samt tåle) melkesyre. Den andre er at ein får trent evna til å remobilisere og refokusere, sjølv om ein ikkje kjenner seg heilt på topp.
Eg kjende meg definitivt ikkje heilt på topp før stevnestart, etter ei veke med tre svømmetreningar på 5 kilometer samt tung styrke og bakkeløp. Ikkje akkurat optimal oppladning for at eg skal symje fort; eg treng kvile, kvile og atter kvile. Dette visste vi før start, men det er alltid interessant å samanlikne med tidlegare tider i liknande periodar.
Fredag Eg symde ein del øvingar på stevnet som eg ikkje plar symje til vanlig. Befriande å ikkje ha noko eige særskild forventingspress og berre ha det kjekt. Det heile byrja forrykande for min del med klar pers på 50 bryst. 30.32 er ikkje ei stor bryst-tid, men for meg var det personleg rekord med 0,7 sekund frå i haust. Nokre timar seinare var det 50 butterfly og eg stod med 100 % pers etter dette løpet. 25.78 er personleg rekord med 0,6 sekund. Store forbetringar på korte distansar og eit klart teikn på at eg er blitt generelt meir eksplosiv.
Kort tid etter butterflyen var det klart for 8x50 mix stafett. Litt for kort tid skulle det vise seg, før eg skulle ha første etappen på stafetten. 23.39 er ikkje noko stor tid på 50 fri, men som det tredje løpet for dagen, og relativt lite pause før frien så blei det som det blei. Likevel ikkje godt nok, og eg skulle gå for 22-talet laurdag.
Laurdag 50 fri var nemleg det første av sju løp laurdag, og skulle det gå fort på denne distansen denne helga så var det nettopp her. 23.05, 0.98 frå pers er det raskaste eg har gjort i ein slik treningsperiode, men tatt i betraktning min personlege rekord er det ikkje særskild fort. Samanliknar man med stevna eg hadde i forkant av formtoppstevna i haust, så er det dog ganske fort. Då hadde eg henholdsvis 23.5, og 23.20 på Syd Cup og Lambertseter Open.
Rygg var det neste, og det er tydeleg at denne stilarten er den som sitter dårligst for tida. 27.64 er personleg rekord. No blei det 28.49. Etter min form på bryst og fly dagen i forvegen, som til liks med rygg er stilartar eg nesten ikkje øvar på så ville eg tru at eg var blitt betre på rygg også, men de gang ei. Tydeleg at dette må det øvast på skal det bli betre.
Neste på programmet var 4x100 fri stafett, der eg hadde bedd om å sleppe førsteetappa som eg normalt har, for avvekslinga sin del. I staden fekk eg sisteetappen, og gav lagkameratane mine beskjed om at så lenge dei låg innanfor ti meter bak, så skulle eg hente det inn. Dei tok meg på ordet tydeligvis, og vi veksla 3.97 sekunder bak AGF Århus frå Danmark. Eg elskar slike situasjonar, kor eg veit at eg sym raskare enn dei i bana ved sidan av. Ved 50 meter var avstanden krympa til 1.6 sekund, og i mål var forskjellen 0,40, fordel oss! 49.71 er ei god stafettetappe for min del på noverande tidspunkt. Det er min 6 beste 100-metertid nokonsinne, om ein reknar både med fast og som dette med flying start.
Finalesekvensen på laurdagsettermiddag var hektisk. Det var superfinalar på alle fire femtimeterar, og det var den første eg hadde psyka meg mest opp til: 50 bryst. Eg hadde eit håp om å kome meg under den magiske grensa på 30 sekund. Dette gjekk ikkje vegen, etter at eg stressar alt for mykje. 30.48, vert fyld opp av 50 rygg på 28.71 (fungerar framleis ikkje) og 50 fly på 26.63 (var byrja å bli veldig sliten her). Siste finalen var femti fri, og eg hadde eit håp om å komme meg ned mot forsøkstida mi. Sjølv om detaljarbeidet i symjinga var bra, mangla eg spruten som skulle til tydeligvis, og kom i mål på 23.39 igjen, etter det eg meinar var eit godt gjennomført løp, men uten sprut.
Søndag Etter å ha lada batteria natt til søndag var det tid for 100 fri, eit løp eg såg fram til etter den gode stafettetappen på laurdag. Det blir då også her eg gjer mitt beste løp for stevnet, når eg splittar 24.11 og 26.29 og får sluttida 50.40, mi klart beste tid utoppa nokon gong. Denne distansen gav meg også bestemannspremien à 2000 kroner, som ei følgje av mine 810 poeng.
Så var det jevnt over slutt på krefter. 200 fri var heile tida meint som eit treningsløp, men det var relativt slutt på kreftene no. Eg kontrollerte seieren på øvelsen, for både å sikre meg øvelseseieren og å sikre meg bestemannspremien som i realiteten aldri var trua. 55.43 - 59.59 var splittane mine og 1.55.02 er ikkje ei fryktinngytande tid akkurat, men eg kunne nok pressa tida ned litt om eg hadde blitt pressa meir enn eg blei. Dessuten trenar eg ikkje for 200 lenger, men det er eit godt treningsløp.
Eg hadde også den avsluttande stafetten i bakhovudet, 4x100 medley, dersom eg måtte fram med ei liknande etappe a la laurdag. Det blei det tidleg klart at eg ikkje måtte, og då kortslutta eg nok, og kobla ut. 51.16 avslutta ei slitsom helg, fysisk og ikkje minst mentalt. Ikkje ei stor tid på 100 fri flying start akkurat men nok til å vinne med klar margin.
Alt i alt eit greit stevne i ein tøff periode, og no gjenstår det berre mykje god trening innan Grand Prix og NM i slutten av Mars.
|
SanderSpace
Oppdatert liste over bloggar finn du på framsida!
|