Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

03.05.08
Privatperson sponsar

Sponsormarknaden kan vere vanskeleg, og det har vore tøft å finne sponsorar for meg dei seinare åra. No har ein privatperson trådd til og gjett meg ei personlig sponsoravtale for dei komande to år.

Robert Fjellanger har gjeve meg ei svært god sponsoravtale, utan krav om noko særskild motyting, anna enn at eg driv aktivt og at han får gledja av å hjelpe ein ung idrettsutøvar framover. Han ynskjer inga merksemd rundt sin eigen person, men heiderleg omtale, det fortjenar du! Det er ikkje alle som ville ha brukt pengar av eiga lomme for å støtte ein norsk symjar, utan noko form for slektskap.

Avtale innebær ein fast årleg sum, i tillegg til bonusmoglegheiter ved personlege rekordar. Med andre ord ei støttande og motiverande avtale som kjem godt med i mi studentlommebok, og som blir god hjelp i føreståande utfordringar. Pengar er sjølvsagt ikkje alt, men det trengs og kjem godt med.

Eit eksempel til etterfølgnad, spør du meg;)

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.