|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
03.04.08 Trening med ein verdsrekordhaldar
Verdas raskaste mann i kortbanebasseng er svensk og heiter Stefan Nystrand. Han trenar til dagleg i Eriksdalsbadet i Stockholm, saman med klubben sin SK Neptun samt trenar Anne Forsell. No er det klart at eg, første veka i juni, tar turen over for å trene med Nystrand og lagkameratane hans.
Sverige har ei lang og tradisjonsrik symjehistorie. Landet har mange olympiske meisterar innan symjing, og er den dag i dag ein nasjon å regne med innan symjing. Landet er sjølvsagt ikkje på nivå med nasjonar som USA, Australia, Tyskland eller andre folkerike land der symjing er tradisjon, men det er kanskje verdas beste vesle land - i symjing.
 Stefan Nystrand etter verdsrekord under verdscupen i Berlin, november 2007
Særskild innafor sprint har svenskane vore dyktige, og i 2008 har svenskane gullkandidatar på dei korte friøvingane både for kvinner og menn i OL. Den mannlege gullkandidaten er Stefan Nystrand, og det er altså han eg skal besøke så snart eksamenane mine er over for i år.
Frå den 30.mai til den 5.juni vil eg trene med elitegruppa til Neptun i Stockholm, før eg tar følge med Nystrand, Forsell og ein annan meget dyktig frisprinter, Petter Stymne (medlem av det svenske gull-laget på 4x100 fri frå EM nyleg), til Roma på eit internasjonalt stevne der.
Eg reiser ikkje over for å blåkopiere kva Stefan Nystrand gjer. Eg reiser over for å sjå kva dei gjer, og for å dra inspirasjon av det, og sjå kva eg eventuelt kan bruke av det. Det er slett ikkje sikkert alt han gjer passar for meg. Eg veit også at Petter Stymne trenar meget annleis enn Nystrand, og det kan difor vere interessant å sjå korleis treningskvardagen for desse skil seg frå kvarandre, når begge to likevel er på høgt nivå. Det skal uansett bli interessant å sjå kva to av europas dyktigaste frisprintarar gjer i treninga si, og kva dei gjer betre og annleis enn meg.
Både Nystrand og Stymne kjem til Bergen Swim Festival i mai, så der er det berre å møte opp, om du skulle være i nærleiken av Bergen 9.-11. mai. Det vil bli symjing i verdsklasse.
Stefan Nystrand har for øvrig sin eigen blogg, som du finn under lenkjer på denne sida. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|