Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

02.05.10 Amsterdam Swim Cup

Veka etter NM bar det avgårde til Nederland, for deltaking i det internasjonale stemnet Amsterdam Swim Cup. Resultata blei ikkje betre enn dei måtte vere.

Det å ha to stemner rett etterkvarandre i toppingsfasen er eit toegga sverd. I fjor var det særs vellukka med mi deltaking i GP-stevne i Sverige veka før NM, i år var det ikkje fullt så lukka. Får ein ei god oppleving på første stemnet, som i fjor, blir det ei flygande kjensle inn i det komande stemnet. I år gjekk første stemnet litt skeis, og for å vere ærleg, var det tungt å hente seg inn att mentalt og førebu seg på eit nytt stemne. Kanskje særskild sidan det største og lengste stemnet var først i år, NM er ei firedagers affære, som tar på fysisk og ikkje minst psykisk!

Det å nullstille seg er sjølvsagt eit ideal å leve etter, men det er lettare sagt enn gjort. Eit forsøk skulle sjølvsagt gjerast. Det byrja med 50 butterfly, eit løp eg hadde null forventingar til. Halsen hadde plaga meg i dagane mellom NM og ASC, men ikkje noko utover at eg kjende det. 26.6 på langbane, eit sekund bak persen min, er for dårlig. Ein god første 25, etterfulgt av eit fullstendig tap av rytme og symjing, gjer at eg anser mitt reelle nivå i god form og ved eit perfekt løp til å vere rundt 26.0 i shortsen vi konkurrerar i no.

Fredag hadde eg  fri, før det på laurdag var på tide med 50 fri. 23.71 er 0.47 over persen min sett i paneldrakt, noko som ikkje er så ille, sjølv om farta mi første 25 er høg nok til langt betre. Videoopptak synte at eg låg føre ein til 25meter, som symde på 23.06... Det hjelper sjølvsagt ikkje, når distansen er 50 meter, men det var ein gjennomgangsfaktor at eg var bra første 25 under dette stemnet - noko som syner eit visst potensial i forhald til topphastighet.

Det å halde farta var eg ikkje særskild god til i heile denne toppingssekvensen, kanskje på grunn av manglande høghastighetstrening over tid. 100 fri blei ei skuffande affære. Moralen var byrja synke og eg gledja meg ikkje. Resultatet blei deretter. Ei sluttid på 52.6, er berre 0.3 betre enn Island i Januar, då eg var alt anna enn toppa, noko som er eit teikn på at toppinga denne gongen var langt unna vellukka. Forskjellen skal normalt sett vere godt over eit sekund... Ei tid på 51-talet kunne eg sagt meg nokolunde nøgd med, dette var ikkje godt nok.

Alt i alt ei mislukka topping. Det har ikkje skjedd for ofte, men like keisamt kvar gong!

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.