|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
02.03.08 Malaga; Rapport
12 symjetreningar, 3 styrketreningar, 2 basistreningar, 1 tøyetrening, 1 springetrening er total treningsmengde for treningsleiren i Malaga. Totalt ca 32 timar trening og ein stad mellom 50 og 55 kilometer symd i bassenget i løpet av dei seks dagane på costa del sol.
Været på solkysten var upåklageleg, i alle fall frå og med mandag av og alt låg til rette for god trening. Symjetreninga føregjekk inne, noko som var vel og bra - det var litt kjølig der om morgonen og sein ettermiddag. Ein typisk dag for treningsleiren i Torremolinos utanfor Malaga såg slik ut:
| 07.00 |
Frokost |
| 08.00-10.00 |
Symjetrening |
| (10.00-11.30) |
(Styrketrening) * |
| 10.30 |
Frokost II |
| 13.00 |
Lunsj |
| 15.00-17.00 |
Symjetrening |
| (17.00-18.00) |
(Basistrening) * |
| 19.00 |
Middag |
* Anten styrketrening eller basistrening med unntak av første dag, samt onsdag.
Treningsleiren var framleis ein grunnlagsleir for mitt vedkomande men med auka fokus på kvaliteten når det først skulle trykkast til. Difor blei ikkje dei aerobe mengdene så voldsome, og det totale kilometerantalet ikkje meir enn ei relativt normal veke, i alle fall tidlegare.
Dette førte til eit par-tre svært gode treningar der det skulle trykkast til både i den berømmelege gråsonen rundt terskel og også der det skulle trykkast til og produserast meir melkesyre enn kroppen klarar å frakte vekk. 2.16 i v4-testen eg hadde mandag er fullt på høgde med det beste eg har gjort på langbane før, og syner at eg har kontroll på treninga og er i stadig formstigning. (Til samanlikning var v4 på treningsleiren på Hamar 2.19 og i Florida stort sett over 2.20 med unntak av ein.) Meir om v4-test og kva den seier oss kjem på thesander.com seinare.
Fokuset på treningsleiren låg heilt klart på det som skjedde i bassenget og å få trent på det eg tross alt skal: symje fort. Styrketreningane som blei gjennomført er likevel vesentlege for meg, med tanke på kraftutvikling. Akkurat no er vi i ein eksplosiv fase, der eg køyrer eitt sett med fire repetisjonar så tungt som eg klarer, etterfulgt av tre sett i samme øvelsen med 50-60% av maksløft på stanga og 6-10 repetisjonar kor utførelsen skal vere eksplosjonsarta og hurtig.
Eg har endeleg funne ein måte å trene dette på som er tilfredsstillande for mitt eige sinn. Tidlegare har eg følt at eksplosiv styrketrening ikkje har vore trening fordi det har vore for "lett" og eg ikkje har følt at eg har fått noko ut av det. No verkar det som om eg har fått ei betring på det, og det er viktig, mentalt, å føle at når eg trenar så er det eit formål med det.
Å springe som treningsform er ikkje noko eg gjer for ofte lenger, og det fører til at muskulaturen i timane og dagane etterpå ikkje er heilt fornøgd når eg først har vore ute og løpt litt. Dei har ein tendens til å sei frå på ein måte som ikkje er direkte behageleg, og springinga kombinert med nokre hopp på styrketreninga gjorde at eg under ein hard beinserie torsdag nærast kollapsa i beina. Lysken, låra og i særdelesheit hofta sa frå at dette ville dei ikkje vere med på, og det var omtrent bom stopp. Eg fekk pressa meg igjennom, men tidene og treninga var langt frå tilfredsstiljande. Vonleg gjer dette meg betre rusta til neste gong.
To basistreningar i det fri saman med dei andre som var med på leiren, både toppidrettslinje ved Tertnes Vidaregåande Skule og andre gjestar som meg; mellom andre kappgjengaren Trond Nymark (www.trondnymark.no) var kjernetreninga på treningsleiren. Ein hard runde beståande av 15 stasjonar blei gjennomført, det meste mestra eg bra og fekk godt treningsutbytte av. Å klatre i tau må eg derimot trene meg meir på. Har aldri fått det til, og gjer det ikkje til det fulle no heller, uakseptabelt, sjølv om det ikkje er det eg skal konkurrere i.
Somme utanomsportslege aktivitetar blei det også tid til. To middagar med alle reisande samla på finare restaurantar enn hotellbuffeten vi vanlegvis fortærte, soling og shopping var av dei meir typiske aktivitetane. Av dei meir uvanlege blei det tid til ein utflukt til Gibraltar onsdag, samt eit besøk på Plaza de Toros i Torremolinos torsdag kveld, der tyrefekting stod på programmet.
Gibraltarturen innebar for underteika ein rundtur rundt i miniputt-staten, der vi såg til Afrika, var inne i grotter og i militære gongar brukt for å forsvare den under beleiringa frå spanjolane si side. Det mest spesielle var likevel dei frekke små apane som vandra rundt om kring i fjellsida. Om ein ikkje passa på eigendelene sine var dei fort forsvunne. Å ha ein vill ape (om enn van med menneske) sitjande på skuldra var ei artig oppleving. Då har eg holdt alligator i Florida i januar, og hatt ape på skuldrene i februar. (Vonaleg kjem det bilete i løpet av dei første dagane.) Kva dyr vil vere månadens dyr i Mars?
Torsdag var det tyrefekting, noko som var kraftig annonsert overalt i byen. Vel visste eg det var ein dyrefiendtleg hending og medmennesket i meg er kanskje ikkje begeistra for slik dyremishandling, men det er likevel noko heilt utanom det vanlege og eg følte eg berre måtte ha det med meg. No har eg sett det, og kjem neppe til å sjå det igjen. For det første bekrefta det mine bange aningar; dette er dyremishandling. Oksen har ingen sjanse. For det andre var det keisamt. Etter å ha sett to, toppen tre av dei 6 oksene så følte eg at no hadde eg sett alt. Det var jo det same som skjedde, berre med forskjellig matador og okse kvar gong. Spaninga gjekk på kor mange forsøk tyrefektaren måtte ha for å sette spyddet heilt ned i oksen. Eg ser ikkje underholdninga i det så mange gongar. Det var mest langdrygt. Om det bør fordømmast og forbys er eg usikker på. Ville det ikkje vore trist om ein særegenheit og kulturarv som dette forsvinn heilt, dyreplageri eller ei?
Treningsmessig har eg fått nok ein god leir og meir lagt i banken til å rente seg inntil April og NM kortbane i Stavanger. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|