|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
02.02.08 Imponert, og inspirert
Dei som kjenner meg veit at ein av mine beste kameratar er skiskyttar. Han heiter Ronny Andrè Hafsås, kjem frå Stårheim i Eid, og er av same årskull som meg. Dei siste to dagane har han gått NM på ski, utan børsa på ryggen, og imponert eit samla ski-Noreg. Samt meg!
Ronny som først og fremst er skiskyttar hevda seg godt blandt langrennsspesialistane. Dei fleste visste nok om han, og etter 5.plassen på 15 kilometer fri teknikk i fjor under NM var han ein aldri så liten outsider på same distansen i år. Treningsperioden skulle likevel passe dårlegare i år enn i fjor. Det var i alle fall det han sa, Ronny, når eg besøkte han i leiligheita i Trondheim etter symjeøkta på Trøndersvøm førre helga.
Tysdag benka eg meg foran skjermen. 13.09 skulle han gå ut, men fjernsynsprodusentane fanga han ikkje opp då. Det endra seg fort, ettersom det skulle vise seg at Ronny var ute etter noko stort. Det enda med sølv, etter at det lenge såg ut som om han skulle ta gullet. Sølv på NM på ski. Det er nestan einsbetydande med verdsklasse på ski. Ja, langrenn er ein liten idrett på verdsbasis, men eg veit kor mykje Ronny trenar, og har trent opp gjennom tida - det er ingen liten prestasjon det han står for. At han skal hamle opp med langrennsspesialistane er imponerande, særskild ettersom han prioriterar skyting høgt i år.

Det mest imponerande var likevel i dag. 8.plass på duathlon. Det vil sei 15 kilometer klassisk, noko skiskyttarar aldri går, og 15 kilometer fri teknikk. 17.plass etter klassisken, beste tid på skøytinga. Dankar ut Berger (verdsmeister i langrenn), Northug (verdsmeister i langrenn) og nykomaren Eilifsen (norsk mester torsdag og i dag) på fri teknikk-delen. Imponerande.
Inspirerande er det og. Guten lærte meg å like å trene. Han fekk meg til å skjønne at det å trene mykje kan vere både artig og sjølvmotiverande. Det å mestre noko å bli flinkare i noko er nok i dag like viktig for oss begge, sjølv om vi konkurrerar i heilt ulike idrettar og med heilt ulike føresetnadar.
I aerob kapasitet har eg aldri kunne følgt etter Ronny. I fotballkvalitetar var eg aldri i nærleiken. I kroppsbeherskelse var han langt betre enn meg, når vi hadde reelt samanlikningsgrunnlag. Det einaste eg nok slår han i er symjing, og det skulle då berre mangle! Ronny er flink i all idrett, fordi han vil vere det - og mest av alt vil han vere flink i skiskyting, sjølv om mange oppfordrar han til å legge vekk børsa, ettersom skytinga ofte har vore problematisk. D
Ein dag blir han best. Det er eg overbevist om. Det inspirerar. Eg får lyst til å ta fleire "padletak" som han kallar det når eg ser han på TV knive om sigeren. Spanande å fylgje han, og eg håpar det blir spanande å fylgje meg og for han. Vi har mykje til felles.
Mest av alt trur eg vi hatar å tape like mykje. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|