01.08.09 08/09: Min beste sesong
Min første norske rekord, mitt første internasjonale meisterskap, tre gongar individuell noregsmeister. Jada, sesongen 2008-2009 har vore ein sesong prega meir av oppturar og gode stunder enn det motsette.
Eg starta denne sesongen på ein liten nedtur etter eit skuffande andre halvår av førre sesong. Etter eit skuffande NM Kortbane i April, blei resten av april/mai 2008 prega av motivasjonssvikt og seriøs sjølvransaking. Langbane NM blei difor så som så, sjølv om eg frå og med Juni var på tå hev igjen etter eit besøk i Sverige.
Ekstern hjelp Oppstarten av inneværande sesong var også alt anna enn lovande. Eg sleit på trening og derav sleit eg også mentalt. Det er ikkje kjekt å gå på trening når berre det å kome seg igjennom rolege treningar var ei mental utfordring av dimensjonar. I September var nok nok, og vi byrja leite etter hjelp for å få meg i betre treningsstand. Vi, eg og Finn Zachariassen (trenar), hadde konkludert med at det var ei fysisk hindring som førte til den mentale hindringa og ikkje motsett. Eg var motivert, men motivasjonen får seg fort ein knekk når ein i fleire veker får særs få gode opplevingar.
Difor kom vi i kontakt med Ola Jøsendal, ein lege med idrettserfaring, kjend frå Brann blandt anna. Vi følgde hans anbefalingar, med å trene meir rolig og mindre (men meir konsentrert) hardt. Eg kjende raskt ein forskjell. Tidsnok til å redde stevnet i Haderslev tidleg på hausten var det ikkje, men treningsmessig gjekk det betre og det var langt kjekkare å gå på trening. Eit lukkeleg val, med prinsipp som vi fortsatt i hovudsak etterlever. Vi er Ola ein stor takk skuldig.
Kvalifisert til EM Vi såg betring på trening, og snart skulle vi få betring i stevnesituasjon også. Lambertseter Open var ein opptur, med fine prestasjonar, treningsperioden tatt i betraktning. Ola hadde førespegla at det kom til å ta tid å få ting til å setje seg og at det ikkje naudsynleg gav utslag på resultat tidleg, og stevnet i Oslo var då heller ikkje noko særskild utanom det vanlege, sjølv om det var bra.
Utanom det vanlege var definitivt Nordsjøstevnet i Stavanger. Allereie i første løpet på 50 fri fekk eg tilnærma fullklaff. 22.35 var personleg rekord med 0,4 sekund og berre eit hundredel over den norske rekorden. Det var i tillegg under kvalifikasjonskravet til landslaget, og eg var kvalifisert til EM Kortbane ein månad etterpå. Mitt første internasjonale meisterskap. Eg var også under kravet på 100 fri, og hadde tre løp på 50 fri under 22.40 - stabilt på eit heilt nytt nivå.
Norsk rekord På dette tidspunktet var eg flygande. Treningane etter Nordsjø gjekk som ein draum, og ting flaut verkeleg bra fram mot EM. Månaden mellom Nordsjøstevnet og EM må vere ein av dei beste treningsmånadane mine nokonsinne. Det gav då også resultat.
Opningsnerver under EM kortbane i Rijeka må ta skulda for at det ikkje blei personleg rekord på 50 fri individuelt, men 22.38 bekrefta nok ein gong nivået. 49.15 på 100 fri sletta min 21 månader gamle rekord på 100 fri frå DET stemnet i Asker, og det falt seg heilt naturleg at eg på opningsetappen på 4x50 fri sette norsk rekord på 50 fri med 22.07, ei forbetring av den gamle med 27 hundredelar. Ein stor augneblink for meg. Rekordløpet kan du sjå her. Plasseringar 38 og 46 individuelt, samt 11 på stafett.
VM? Inspirert av den fine framgongen byrja eg å tenke at å kvalifisere seg meg til VM Langbane, som pågår i skrivande augneblink, kunne vere mogleg. Det krevde noko heilt særskild og utanom det vanlege. Eg har vore ein betre kortbanesymjar ein langbanesymjar, no måtte eg snu på det, eller i det minste bli like flink. 22.07 på kortbane tilsvarar ca 22.7-22.8 på langbane om du er like god, kravet var 22.72.
Dette fekk sjølvsagt konsekvensar for våren. Etter gode treningsstemner i Reykjavik og på Skagerak Swim i Kristiansand var det duka for ny formtopping til Grand Prix-stemne i Stockholm. Her blei det to personlege rekordar av to moglege. 100 fri blei forbetra frå 52.11 til 51.28 - ei særs fin forbetring. (Ref VM-krav 50.30). Faktisk betre enn eg hadde venta. 50 fri blei forbetra frå 23.53 til 23.38 - ikkje det eg hadde draumd om, men ein grei start på vårsesongen, særskild 100-meteren tatt i betraktning. Mykje av grunnen er nok den glimrande treningsleiren eg hadde med landslaget i Thailand.
NM Kortbane Helga etter var det NM kortbane, nedprioritert, men fullt mogleg å behalde formen. Det gjor eg også. Norsk meister på 100 fri, på den nye personlege rekorden 49.01, seks hundredelar over den norske rekorden. Godkjend, men hadde lyst å gå under 48.95.... Eg vann også 50 fri, på 22.28, mitt nest beste løp nokonsinne - og den nest beste tida av ein nordmann nokon gong. Absolutt akseptabelt. Stafettmessig blei det fire bronsemedaljar og ein fjerdeplass. Særleg skuffande var det at eg og min brillemist var direkte årsak til at vi ikkje fekk sølv på 4x50 fri.
Etter dette følgde ein relativt lang treningseriode, med treningsleirar på Syros og Kypros. Trøndersvøm blei gjennomført med gode tider på 100 fri langbane, Bergen Swim Festival blei gjennomført med enno meir oppløftande tider på kortbane, og det nærma seg siste kvalifiseringsperiode til VM.
Nedtur Den einaste verkelege nedturen denne sesongen kom når eg gjorde mitt siste forsøk til å kvalifisere meg til VM. Ikkje så mykje fordi at eg ikkje klarte å kvalifisere meg, men fordi at eg mest ikkje forbetra meg sjølv. Den einaste personlege rekorden under dei tre mogleg stemna kom på Swimshop Cup i Frognerbadet, der eg forbetra persen min på 50 fri til 23.24.
På begge Mare Nostrum stevna, i henholdsvis Barcelona og Canet, blei det tider i overkant av personleg rekord. Beste tider: 23.39 (Barca) og 51.75 (Canet).
Etter dette følgde ein god treningsperiode fram mot NM Langbane. Til skilnad frå året før, klarte eg å unngå motivasjonssmell og eg fekk ein av mine betre leirar fram mot NM nokonsinne.
God avslutning Trass i at NM Langbane gjekk utan personlege rekordar på hovudøvingane mine er eg nøgd. Med 51.53 tok eg sølv på 100 fri, etter å ha blitt knepent slått av VM- og OL-deltakar Gard Kvale. På 4x100 fri-stafetten symde eg fortare med 51.41 - kun 13 hundredelar over pers, og laget tok ein fin sølvmedalje. På dei to andre stafettane blei det fjerdeplass.
På 50 fri blei det nok ein tett duell med USA-studerande Thomas Ole Fadnes. Etter å ha ligge bak i starten, hadde eg størst fart inn mot mål, og det er ofte dei med størst fart inn mot mål som slår først inn. Denne gongen hadde eg marginane på mi side og eg vann med 23.27 kontra 23.28. Tre hundredelar over personleg rekord, men det betydde ikkje så mykje. Eg avslutta sesongen med å ta mitt første langbanegull nokonsinne, og eg er no oppe i sju individuelle norske meistertitlar totalt.
Elles er det også verd å nemne at eg symde min første finale i noko anna enn frisymjing då eg blei nummer 5 på 50 butterfly med tida 25.65.
Litt statistikk:
Personlege rekordar:
50 fri kortbane: 1.aug 2008: 22.75, 1.aug 2009: 22.07 Forbetring 08/09: 0,68 sek
100 fri kortbane: 1.aug 2008: 49.26, 1.aug 2009: 49.01 Forbetring 08/09: 0,25 sek
50 fri langbane: 1.aug 2008: 23.53, 1.aug 2009: 23.24 Forbetring 08/09: 0,29 sek
100 fri langbane: 1.aug 2008: 52.11, 1.aug 2009: 51.28 Forbetring 08/09: 0,83 sek
50 butterfly kortbane: 1.aug 2008: 26.36, 1.aug 2009: 25.26 Forbetring 08/09: 1,10 sek
50 butterfly langbane: 1.aug 2008: 27.54, 1.aug 2009: 25.65 Forbetring 08/09: 1,89 sek
Tydelege framgongar over heile linja, og det er dette som er det vesentlege! Medaljar og meisterskap er ein ting, men når eg blir betre enn kva eg har vore før er det gledjeleg uansett. Dette gjev inspirasjon til vidare satsing. Sesong 08/09 har vore den sesongen med størst framgong på ei stund, og det er spesielt. Det har til og med opna seg opp ein moglegheit for å symje ein del butterfly - i alle fall på nasjonalt nivå.
Sesongen 2009/10 blir spanande, med eit mål om EM Kortbane i Istanbul som veldig klart definert, allereie. Ein meir utfyllande sesongplan kjem når sesongen kjem i gong, her på The Sander.
Takk for all stønad eg har fått av trenarar, lagkameratar, familie, vener, sponsorar og fleire i sesongen som gjekk. Eg ser fram til ein ny sesong med dykke på laget! |