

SELJE
Den beste disiplin, kanskje den eneste som er noe verd, er selvdisiplin.
- Fortune
Neste aktivitetar
Stevne NM Langbane Tøyen, Oslo 11.06-14.06.09
Ferie Treningsfri
Førre aktivitetar
Stevne Swimshop Cup Oslo 29.05.-31.05.09 Les rapport
Treningsleir Landslaget Calella, Spania 01.06.-12.06.09 Les rapport
Stevner Mare Nostrum Landslaget Barcelona, Spania 06.06-07.06.09 Les rapport Canet, Frankrike 09.06-11.06.09 Les rapport |

Velkomen til thesander.com
Velkomen til thesander.com, heimesida til Sander Englund Smørdal. Her vil du kunne følgje livet mitt på forskjellige måtar. Hovudsakeleg vil det sjølvsagt handle om symjekarriera mi enno, men også andre delar av livet mitt vil bli opplyst om og skildra i dei forskjellige seksjonane på denne verdsvevsida. Les meir her
Mine Tvitringar på http://www.twitter.com/therealsander
Siste 5 nyhende:
14.06.09 Eurotrip 09: Ikkje nøgd
Tre stevner på ti dagar i Oslo, Barcelona (ESP) og Canet (FRA) er gjennomført med varierande resultat. Pers på 50 fri var det store høgdepunktet i ein sekvens med stevner som ikkje blei som eg hadde draumar om. Les meir her
12.05.09 BSF 2009: Svømmefest med positive resultat
I helga blei Bergen Swim Festival arrengert for tredje året på rad, og kan no verkeleg kallast ein tradisjon, ein god tradisjon. Nok ein gong blei vi vitne til fantastiske tider i Sentralbadet, og for min eigen del symde eg raskare på øvingane mine enn eg gjorde i fjor. Les meir her
29.04.09 Trøndersvøm: akseptabel test
I helga som var deltok eg på Trøndersvøm i Trondheim. Trøndersvøm er eit årleg stemne, men blei for første gong arrangert på langbane. Langbanesatsinga var grunnen til at eg tok turen nordover, og eg reknar stemnet som verdifull trening. Les meir her
24.04.09 Test av oksygenopptak
Mellom NM og påskeleir gjennomførte eg ein test av min V02-max, som er oksygenopptak, delt på kroppsvekt. Det er ein indikasjon på uthaldenheiten ein har. Testresultatet var litt under det eg hadde forventa, men eg er då trass alt sprinter. Les meir her
23.04.09 Middelmådig trening ved middelhavet
Som regel plar eg alltid ha gode treningsleirar. Kome seg vekk heimafrå til langbanebasseng og kun fokusere på trening er vanlegvis ein suksessformel. Årets påskeleir på Syros/Kypros får karakteren bestått, redda av ei god andreveke. Les meir her
Bli Sponsor?
Som toppidrettsutøvar i ein perifer idrett er det ikkje alltid så lett å få økonomien til å gå rundt. Det er mange utgifter som skal betalast, og inntektene er begrensa. Sponsorar ville kunne gjort kvardagen min lettare, og alle monnar drar som det heiter. Les gjennom biografien min på toppen av denne sida og sjå om du kan ha interesse av å hjelpe meg å nå måla mine framover.
Alt som gjer kvardagen lettare og som kan bidra til at ein får gjort noko som ein kanskje ellers ikkje ville fått gjort er av interesse. Det trenger ikkje vere reint økonomisk tilskot, men kan vere andre ting som omhandlar transport, mat med meir.
Kva får du som sponsor?
-
Sponsorplass på treningstøy brukt i trenings- og konkurransesamanheng, og i alle samanhengar kor presse er til stades i forbinding med symjinga.
-
Sponsorplass på thesander.com. Eit banner vil plasserast ein lett synleg plass på sida, eventuelt med lenkje til sponsoren si heimeside.
-
Ein inngåande presentasjon på thesander.com
-
Eg kan personlig stille opp i forskjellige samanhengar og profilere deg, og/eller ditt firma.
Interessert?
Ta kontakt på sander@thesander.com, eller finn meir kontaktinfo her: Kontakt meg
|

 EID
|